Feiing
Det vert feia etter behov. Der det er mykje sot vert det feia oftare enn der det er lite sot. Også andre kriterier som t.d. skorsteinen sin alder er med i denne vurderinga.
Brannforebyggjarane har faste feierunder i kommunen. Dagen før feiing vert det lagt ut melding til bebuarane om at brannforebyggjaren kjem. Det er viktig å følgje instruksjonane som står på meldinga. Er du bortreist eller passar det ikkje når det vert feia der du bur, kan du ringe brannforebyggjar for å avtale ny tid. Telefonnummeret er å finne på meldinga. Meir informasjon om feiing
Dette må gjere før og etter feiing
Tilsyn
Tilsyn vert og utført etter behov. Tilsynet omfattar kontroll av at:
- eventuelle tidlegare avvik eller merknadar til fyringsanlegget er fulgt opp og utbetra.
- ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt til kommunen.
- eldstad, røykkanal, skorstein mm. er bygd og montert etter regelverket.
- anlegget er tilfredsstillande kontrollert og vedlikehalde.
- fyringsanlegget skal ha godkjend tilkomst.
I tillegg ser ein på røykvarslarar, sløkkeutstyr og rømingsvegar. Meir informasjon om tilsyn
For meir informasjon om regelverk m.m. sjå heimesida til Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.
Dette må gjere før og under tilsyn