AKTUELT NO:

Feiing, tilsyn og utrykking gebyr

Med heimel i brann-og eksplosjonsvernlova § 28 . ledd vert det kravd gebyr for gjennomføring av lovbestemt feiing og tilsyn i Ørsta kommune.

BETALINGSREGULATIV FOR FEIING OG TILSYN FRÅ 01.01.2022. 

(Alle prisar er inkl.mva)

  1. Vanlege bustadhus, fritidsbygg, hotell, forsamlingshus og liknande med feiing/tilsyn minst annakvart år 983,-
     
  2. Vanlege bustadhus, fritidsbygg, hotell, forsamlingshus og liknande med feiing/tilsyn minst tredje til fjerde år 795,-
     
  3. Vanlege bustadhus, fritidsbygg, hotell, forsamlingshus og liknande med feiing/tilsyn minst femte til sjette kvart år 518,-
     
     
    For punkt 1, 2 og 3 ovanfor gjeld følgande:

    Frå og med pipe nummer 2 vert det halvt gebyr pr. pipeløp i same eining. Gebyret er pr. eining i fleirmannsbygg (Seksjonert eining/eining i burettslag/bueining i fleirbustad med eige gnr/bnr)


     
  4. Fabrikkpipe kr. 900,-
     
  5. Timesats kr. 835,- pr. person, Timesats blir nytta ved arbeid utanom pålagt feiing og tilsyn. Til dømes for kontroll av røykkanal etter pipebrann, reingjering av oljefyringsanlegg m.m.
     
  6. Gebyr for manglande tilgang til fyringsanlegg for feiing og tilsyn kr. 500,-
    Om kommunen, etter varsling nr. to, ikkje får tilfredstillande tilgang til fyringsanlegget, fordi eigar ikkje har vore til stades og/eller ikkje har lagt forholda til rette for tilgang, vert det gjeve særskilt gebyr.
     
  7. Fresing av skorstein 2 500,-

 

Varsling om feiing og tilsyn

Varsel for feiing og tilsyn vert i første omgang køyrd ut dagen før feiinga og/eller tilsynet. Har ein ikkje har moglegheit på det tidspunktet vil ein få ny varsling, denne gongen minst ei veke i forkant. Passar ikkje dette må ein gi beskjed minst tre dagar før, om ikkje får ein eit gebyr for manglande tilgang til fyringsanlegget. Skjer dette over lengre tid vil det verte gjeve fyringsforbod på anlegget.

 

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg i fritidsbustad

Eig du ein fritidsbustad, sel, seterhus, rorbu eller liknande med eldstad må du betale feie- og tilsynsgebyr. Grunnen til dette er at den nye forskrifta om brannforebygging set krav om at feiing og tilsyn med fyringsanlegg skal gjennomførast i alle fyringsanlegg som brukast til oppvarming av byggverk. Det er ikkje gjort unntak for fritidsbustadar slik det var etter tidlegare forskrifter. Det er heller ikkje gjort unntak for bygningar som brukast lite eller berre delar av året. Det inneber at det og skal feiast og førast tilsyn med både stølar/setre, rorbuer og liknande, dersom fyringsanlegget brukast til oppvarming.

 

Gebyr for uttrykking til ikkje naudsynte brannalarmar

Gebyr for ikkje naudsynte alarmar vert kr. 6 800,- pr. utrykking.

Med ikkje-naudsynt alarm vert det meint:

  • Alarm som gjer at det vert utrykking pga. teknisk feil på anlegget. 
  • Alarm som gjer at det vert utrykking pga. arbeid på alarmanlegget der 110- sentralen 
    ikkje er varsla. 
  • Alarm som gjer at det vert utrykking pga. arbeid med bygningar og vedlikehald, der 
    110-sentralen ikkje er varsla på førehand. 
  • Alarm som gjer at det vert utrykking grunna spesiell aktivitet som til dømes bruk av 
    scenerøyk, vassdamp, etc. der 110-sentralen ikkje er varsla på førehand.

Talet på ikkje-naudsynte alarmar:

  • Eigar/verksemd/kunde som har avtale knytt til 110-sentralen kan ha 2 utrykkingar 
    som ikkje er naudsynte pr. år utan at det fører til gebyr. 
  • Frå og med ikkje-naudsynt alarm nr. 3 pr. år vert kunde fakturert etter gjeldande 
    betalingsreglement i kommunen for kvar ikkje-naudsynt alarm der brannvernet utfører 
    tenester.