Skuleskyss

 Elevar har rett til gratis skyss dersom

  • dei går på 1. årstrinn og bur minst 2 km frå skulen
  • dei går på 2.-­10. årstrinn og bur minst 4 km frå skulen
  • skulevegen er særleg farleg eller vanskeleg, uavhengig av kor lang skulevegen er
  • dei må reise med båt

Elevar med behov for tilrettelagt skyss har rett til gratis skyss til og frå skulen og skulefritidsordninga (SFO), dersom dei treng det, uavhengig av avstanden. (Opplæringslova kapittel 7)

Skuleskyss er ei fylkeskommunal oppgåve, les meir om ordninga på mrfylke.no.

 

Kommunalt skuleskyssreglement

I tillegg til den fylkeskommunale ordninga fins det i Ørsta eit kommunalt skuleskyssreglement, som opnar for skyss for elevar med kortare skuleveg enn 4 km. I hovudsak gjeld dette på trafikk- eller rasfarlege strekningar.

Du kan bruke avstandsberekninga til Møre og Romsdal fylke for utrekning av avstand mellom bustad og skule. Tenesta er meint å vere til hjelp for elevar, skular og andre for å finne ut om ein elev kan ha rett til skuleskyss. Avstandsberekninga er ikkje juridisk bindande.

Når det kjem søknadar som ikkje fell inn under nemnde regelverk, er det i Ørsta delegert til kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering å imøtekome eller avslå desse. Statsforvaltaren er ankeinstans.

Elevar med skyssrett som mottek plass i SFO får som hovudregel ikkje tildelt busskort. Dersom eleven likevel ynskjer å nytte skyssretten sin, skal dette meldast skriftleg til skulen. Meldinga vert vidareformidla til transportør og eleven får tildelt busskort i samsvar med innmeldte behov.

Kontakt

Bjørg Engeset Gjersdal konsulent
94840986
@ Bjørg Engeset Gjersdal