Følgjande har rett og plikt til 600 timar med gratis norskopplæring:
- Flyktningar busette i kommunen
- Innvandrarar frå land utanfor EØS-området
- Familiegjenforeinte med norske og nordiske borgarar
- Asylsøkjarar som har fått opphaldsløyve i Noreg og ventar på busetting
50 av dei 600 timane skal vere undervisning i samfunnskunnskap på eit språk deltakaren forstår. Dei som treng meir undervisning, kan få inntil 2700 timar i tillegg til dei obligatoriske timane. Dei første 600 timane må takast ut innan 3 år, dei resterande innan 5 år.
Tidsfrist for gratis opplæring
"Personer med rett og plikt, eller bare rett til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, må gjennomføre opplæringen i løpet av tre år dersom de vil ha opplæringen gratis. Fristen begynner å løpe fra den datoen den enkelte fikk innvilget sin første oppholdstillatelse. Kommunene står fritt til å gi opplæring utover tidsfristen, men har ikke en plikt."
Følgjande har ikkje rett til gratis norskopplæring:
- Nordiske borgarar (dvs borgarar av Sverige, Danmark, Finland og Island)
- Studentar, arbeidsinnvandrarar og deira familiemedlemmar.
- Innvandrarar som har brukt opp timane sine eller har greidd nivå B1.
- Dei som har rett til opplæring, men som ikkje har teke ut timane sine innan fristen.
Påmelding til norskkurs eller Norskprøve:
Ørsta opplæringssenter
Ripateigane 6
6153 Ørsta
oersta@online.no
Meir om norskeksamen på internett
Lenke til påmelding
Norskprøvene vert haldne i mai/juni og i desember kvart år
Norsk på høgare nivå (Bergenstesten)
Lenke til informasjon om eksamen, og påmelding kontakt Norsk språktest