AKTUELT NO:

Grunnskuleopplæring for vaksne

Vaksne med rett til grunnskuleopplæring har òg rett til rådgiving for å kartleggje sitt opplæringsbehov, og rett til ei opplæring som er tilpassa kompetansen sin og behov for progresjon. Det blir ikkje stilt krav om at vaksne må gjennomføre opplæring i heile fag.

Grunnskoleopplæring etter oppll. §4A-1

For å ha rett til grunnskuleopplæring for vaksne, må du oppfylle fire vilkår:

  • vere over opplæringspliktig alder (over 16 år)
  • ikkje ha rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 3-1
  • ha lovleg opphald i Norge
  • trenge grunnskuleopplæring

Vaksne kan ha behov for grunnskuleopplæring i heile fag eller i berre grunnleggjande ferdigheiter. Nokre har ikkje fått fullverdig grunnskule der dei vaks opp, nokre treng ny opplæring på grunn av sjukdom eller skade, og nokre treng betre grunnleggjande ferdigheiter for å kunne utdanne seg eller få ein jobb.

Grunnskuleopplæring for vaksne er gratis og skal vere tilpassa den einskilde sitt behov.

Opplæringa følgjer ein komprimert læreplan for grunnskulen (LK-20).

Og dei fleste bruker mellom 1 og 3 år på å fullføre grunnskule for vaksne.

Ein kan avslutte med munnleg og skriftleg grunnskuleeksamen (tilsvarande eksamen etter 10. steg), og få vitnemål som kvalifiserer til vidaregåande opplæring. 

Ein kan også avslutte utan at eksamen er gjennomført, og få eit kompetansebevis.

Grunnskulen for vaksne ved Ørsta opplæringssenter er organisert i to ulike nivå: førebuande grunnskule og eksamensretta grunnskule.  Undervisninga er måndag til fredag mellom kl. 09.00-14.15. 

  • Førebuande grunnskole kombinerer særskilt norskopplæring og grunnskulefag, der norskundervisninga vil vere på ditt nivå (A1, A2, B1). Det vert undervist i grunnskulefaga engelsk, matematikk, samfunnsfag og naturfag på nivå tilsvarande 1. til 7. steg (LK20) 
  • Eksamensretta grunnskule har undervisning i grunnskulefag alle dagar. Undervisingsfaga er norsk, engelsk, matematikk, samfunnsfag og naturfag på nivå 7.-10 steg (LK20)

Det er mogleg å gå i begge nivåa i fleire år, og alle tilpassingar vert vurdert  individuelt.

For søkjarar over 23 år, bør ein ha bestått norskprøve på nivå A2 for å starte i eksamensretta gruppe. 

I oppstartsamtale med skulen kartlegg vi din kompetanse, og skulen avgjer på grunnlag av det kva nivå du skal starte i.

Ta kontakt med Ørsta opplæringssenter for informasjon om søknad og oppstart i grunnskulen for vaksne.

 

Realkompetansevurdering  

Realkompetanse er kunnskapar og ferdigheiter som ein person har skaffa seg gjennom utdanning, arbeid, frivillig arbeid, fritidsaktivitetar eller liknande.

Nokre vaksne har ikkje fullført ti år i grunnskole. Andre har gjennomført grunnskule, men manglar dokumentasjon. Ein vaksen som manglar dokumentert grunnskuleopplæring, kan få vurdert  realkompetansen sin ved Ørsta opplæringssenter. 

Realkompetansevurdering vert gitt i faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Ein vert då vurdert opp mot måla for 10. steg i gjeldande læreplan for grunnskulen (LK-20).

Vurderinga vert gjennomført i samtale med faglærar. I faga norsk og engelsk skriv kandidaten også ein tekst, og faglærer kan be kandidaten gjennomføre skriftlege oppgåver i matematikk.

Kandidatar som oppnår godkjend realkompetanse i faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag, vil få vitnemål frå grunnskuleopplæring og rett til vidaregåande opplæring. Dersom berre nokre  fag vert bestått, får kandidaten eit kompetansebevis som ikkje gir rett til vidaregåande opplæring.  

Ta kontakt med Ørsta opplæringssenter for meir informasjon om realkompetansevurdering. 

 

Spesialundervisning for vaksne etter oppll. §4A-2

Vaksne som har rett til grunnskuleopplæring, kan og ha rett til å få spesialundervisning.

Det er to forskjellige former for spesialundervisning for vaksne i grunnskoleopplæringa.

Den eine typen spesialundervisning kan vaksne få dersom dei ikkje har tilstrekkeleg utbytte av den ordinære opplæringa, og vaksenopplæringa ikkje kan tilpasse opplæringa godt nok for dei.

Den andre typen spesialundervisning kan vaksne få dersom dei  treng å utvikle eller vedlikehalde grunnleggjande ferdigheiter. Det kan vere aktuelt dersom den vaksne etter å ha fullført vidaregåande opplæring framleis treng opplæring, eller har fått ein skade eller ein sjukdom og treng hjelp for å fungere i det daglege.

For begge typane av spesialundervisning må kommunen og PP-tenesta vurdere og gi råd om kva den vaksne treng, og kommuna må fatte eit enkeltvedtak.

Informasjonsarket “Spesialundervisning for vaksne på fem minutt” er omsett til mange ulike språk. 

Ta kontakt med Ørsta opplæringssenter for meir informasjon om spesialundervisning for vaksne. 

Kontakt

Hilde Bjørkedal Ass. rektor
95169171
@ Hilde Bjørkedal
Jan Sylte Rådgivar
94152216
@ Jan Sylte