Kulturminneplan

Klikk for stort bilete Gunnar Wangen

Ørsta kommune har for første gong fått eigen kulturminneplan. Planen inneheld ei oversikt over kulturminne og kulturmiljø i kommunen, og identifiserar dei av lokal verdi som er viktige å ta vare på for framtida. Vidare skildrar planen på kva måte dette kan gjerast. 

Kommunedelplan for kulturminne og -miljø 2017-2025


Ein kulturminneplan er eit  nyttig verkty i arealforvaltinga og byggesakshandsaminga i kommunen, og den gir større føreseielegheit for grunneigarar, utbyggarar og andre.

Ein kulturminneplan er også viktig for å løyse ut tilskot til vedlikehald og restaurering av kulturminne. Einskildobjekt og kulturmiljø som i planen er identifiserte til å ha lokal verdi,  vert prioriterte ved tildeling av offentlege kulturvernmidlar, men også private.

Planen i seg sjølv gir ikkje grunnlag for vern, men kan peike på behov for dette. Eventuelle spørsmål til planarbeidet kan rettast til prosjektleiar Gro Anita Bårdseth. 

Fann du det du lette etter?

Kontakt

Gro Anita Bårdseth Permisjon til 31.12.2019

Nyhende