Vurdering, prøver og eksamen

Alle elevar har rett til å få jamleg vurdering undervegs og når det nærmar seg slutten av opplæringa i faget. Vurderinga undervegs skal bidra til å fremje elevane si læring og skal gi grunnlag for tilpassa opplæring. 

Elevane skal òg gjennomføre obligatoriske prøver som nasjonale prøver og kartleggingsprøver.

(Forskrift til opplæringslova kapitla 2 og 3)

I Ørstaskulen vert det arbeidd systematisk med å utvikle gode tilbakemeldingar som kan vere ei støtte for elevane si læring. 

Dette er undervegsvurdering. Alle elevar har krav på å få halvårsvurdering utan karakter. På ungdomstrinnet skal elevene i tillegg ha vurdering med karakter.

Formålet med sluttvurdering er å gi informasjon om nivået til eleven ved avslutninga av opplæringa i faget. Sluttvurdering vert berre gitt etter avslutta undervisning i faget, vanlegvis etter 10. trinn. 

Skriftleg eksamen

Årets skriftlege eksamen er avlyst grunna covid-19.

Munnleg eksamen

Datoane for munnleg eksamen blir bestemt lokalt. 

 

Trekk til eksamen og førebuingsdag

Elevar får informasjon om kva fag ein er trekt ut i 48 timar før eksamen. Helligdagar og høgtidsdagar tel ikkje med i dei 48 timane.


Førebuingsdagar er obligatoriske skuledagar, og elevane har rett på pedagogisk tilbod.  Førebuingsdelen skal førebu elevane på utfordringar og oppgåver ein møter på eksamen i faget. Førebuinga er ein del av eksamen og elevar med udokumentert fråvær på førebuingsdagen, må møte på eksamen.

 

Gjennomføring av munnleg eksamen

Munnleg eksamen kan vare inntil 30 minutt for kvar elev. For munnleg-praktisk eksamen er tidsramma inntil 45 minutt. Karakterar blir sett på individuelt grunnlag, og eleven får vite karakteren med det same sensorane har blitt samde. Eksamenskarakteren er eit uttrykk for kompetansen kvar einskild elev syner på eksamen.


Kravet om ein presentasjon som utgangspunkt for samtalen under munnleg eksamen er oppheva frå 1. august 2020. Presentasjon kan framleis bli nytta, men dette er frivillig for eleven.

 

Vurderingsgrunnlag

Vurderingsgrunnlaget for eksamen er kompetansen som blir vist på eksamensdagen. Førebuingsdelen er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget.

Det er kompetansemåla i faget som er grunnlaget for vurderinga av eleven si fagkompetanse. Kompetansemåla vil vere utgangspunkt for utvikling av kriterie for vurdering av eksamen. Munnlege ferdigheiter kan inngå som ein større eller mindre del av eleven si kompetanse, jf. munnlege ferdigheiter som ein av fem grunnleggjande ferdigheiter i læreplanen.

 

Les meir om munnleg eksamen på udir.no

Nasjonale prøver

Gjennom nasjonale prøver kan ein vurdere i kva grad skulen har klart å utvikle ferdigheitene til elevane i lesing og rekning, og i delar av faget engelsk.

Resultata skal brukast av skular og skuleeigar som grunnlag for ei kvalitetsutvikling i opplæringa, både på individ- og systemnivå. Prøvene er obligatoriske for heile landet, og er ein del av undervegsvurderinga. Dei skal gjennomførast om hausten på 5., 8. og 9. steget

Les meir om nasjonale prøver.

Karakterar

Vurdering av kompetansen til ein elev. Karakterskalaen går frå 1-6, der 6 er beste karakter.

Det er klagerett på alle karakterer som skal stå på vitnemålet.