AKTUELT NO:

Søk om tilskot til tiltak i utvalde kulturlandskap; Hjørundfjorden og Norangsdalen 

Arnold Hoddevik, Fylkesmannen i Møre og Romsdal  

Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga utvalde kulturlandskap i jordbruket, kan no søkje om tilskot til tiltak som skal gjennomførast i Hjørundfjorden og Norangsdalen.

Søknadsfristen er 19. april 2022

 

Bakgrunn

Hjørundfjorden og Nordangdalen fekk den 22. juni 2018 status som Utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL). Bakgrunnen for status som UKL, er at området er representativt for fjord- og dallandskap på Vestlandet, der mykje av historia er knytt til naturen og naturkreftene. Marginale jordressursar ved fjorden og i dalar, utmarksressursane og fjordfiske har gjeve grunnlag for busetnad. Mange av dei spreidde bruka ligg brattlend til, nokre veglause og fråflytta. 

Jordbrukslandskapet er skapt av menneske i samspill med naturen. Bygningar, steingjerder, gravhaugar og ferdselsveier er bygget, og slåttenger, lyngheier, beitemarker og lauvingslier er blitt til gjennom bruk av areal gjennom lang tid, mange stadar fleire tusen år. Heilheita av gardstun og inn- og utmark i opne og varierte jordbrukslandskap er resultat av den samla aktiviteten. Disse verdiane er avhengig av fortsatt bruk, skjøtsel og vedlikehald for å oppretthaldast.

 

Føremålet

Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift. Satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på kulturlandskapet.

I 2022 har Statsforvaltaren i Møre og Romsdal tildelt utvalde kulturlandskapet Hjørundfjorden og Norangsdalen ei ny ramme på kr 1.000.000. 

 

Kven kan søkje?

Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere grunneigarar, drivarar, landbruksføretak, lokale entreprenørar/gründarar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.

 

Verkeområdet

Ordninga gjeld innanfor det det Utvalde kulturlandskapet Hjørundfjorden og Norangsdalen slik det er avgrensa i Naturbase. Gå inn på kart.naturbase.no, og vel kartlaget som heiter «Kulturlandskap»

 

Kva kan du søkje om tilskot til?

Årleg skjøtsel av areal og beiting innanfor UKL-området

Kommunen kan gje tilskot til søkjarar som mottek produksjonstilskot og som har husdyr sleppt på beite innanfor grensene til utvalde kulturlandskapet, i minst 5 veker. Beitinga skal bidra til at kulturlandskapet og arealtilstanden vert oppretthalden på lang sikt.

UKL
Kategoriar beitetilskot Kr/dyr*
Sau/geit (vaksne inkl. fjorårslam) 100
Lam / kje 100
Storfe/hest (vaksne) 500
Storfe – ungdyr 500

* Satsane er førebelse og kan bli justerte dersom talet på beitedyr blir vesentleg større eller mindre enn føresett.

Årleg beitetilskot vert fastsett etter tal søknader. Tal dyr på beite vil gje grunnlag for kva tilskot det blir for kvart beitedyr. Beiteverdien av sau / geit opp mot storfe/hest blir vurdert til å vere 1:5. Eit storfe/en hest skal ha tilskot tilsvarande 5 sauer/geiter.

Eigarar av område som ikkje ynskjer beitedyr, vert ved jamstilde søknader ikkje å prioritere.

Forvaltningsplanen har definert gruppering av kulturlandskapsområde i Hjørundfjorden og Norangsdalen:

  • A-områder er: Stavset, Hustadneset, Skår, Leknes, Maude, Stennes og Finnes.
  • B-områder er: Sætre, Kallneset, Leira, Viddal, Øye/Norangsdalen, Urke, Sæbøneset, Trandal, Ytre Standal, Indre Årsnes og Saltre.
  • C-områder er andre bustadområder innan UKL-området

Aktive produsentar og areal i drift skal prioriterast ved søknad om arealtilskot.

UKL 2
Kategoriar arealtilskot Kr/daa*
Skjøtsel av dyrka mark, sone A eller andre prioriterte areal med godkjent forvaltningsplan 100
Skjøtsel av dyrka mark, sone B 0
Skjøtsel av innmarksbeite sone A 0
Skjøtsel av innmarksbeite sone B 0

 

Eingongstiltak / investeringstiltak på grunnlag av kvalifisert kostnadsoverslag

Det kan søkjast tilskot til tiltak innan:

  • Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne
  • Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av areal
  • Nødvendig planlegging av tiltak / prosjekt
  • Formidlingstiltak
  • Kartlegging og dokumentsjon av landskapsverdiar
  • Tilrettelegging for ferdsel
  • Gjennomføring av arrangement, kurs, fagdag eller liknande
  • Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga

For å fordele tilskot til flest mogleg gode prosjekt, set ein eit øvre tak for kostnadsoverslag til kr 200.000 for kvart tiltak.

  • Tilskotsandelen for enkelttiltak skal normalt ikkje overstige 70 % av kostnaden med tiltaket. For fellestiltak eller tiltak med stor samfunnsnytte, kan ein gi inntil 100 % tilskot.
  • For tiltak på bygningar og anlegg som blir brukt til private formål (næring, bustad eller fritidsbustad) kan ein gi inntil 50 % tilskot ved høg verneverdi. Der bygningen har mindre verneverdi eller der fordelen for søkjar er stor (verdiauke, heving av bu-standard m.v.) kan tilskotsandelen bli redusert. Ved tilskot til bygningar skal det føreligge ein tilstandsvurdering av bygninga.
  • For planleggingstiltak og tiltak som gjeld ivaretaking av fellesgode og samfunnsverdiar, kan ein gi inntil 100 % tilskot. Eksempel på slike tiltak er skjøtsel av kulturminner og biologisk mangfald, eller tilrettelegging for publikum i form av skilting eller opparbeiding av sti.

 

Tilskot til bygningar og andre kulturminne føresetnad om at istandsettinga skjer etter antikvariske prinsipp, dvs reparasjon av bygning framfor utskifting. Dersom enkeltdeler må bytast, bør det brukast same type material og utføring som det opprinnelege.

Tiltak til tilbakeføring / rydding av areal:

  • Areal som vert rydda til nye beiteområde for husdyr.
  • Areal som tidlegare har vore kulturmark, men som no er attgrodd. Gamal kulturmark er areal som er prega av jordbruksdrift, kor vegetasjonen er prega av naturleg førekommande artar, men med ei samansetning som skil seg frå det ein finn i naturen elles. Dei gamle kulturmarkene er forma av tradisjonelle driftsmetoder over lang tid, og er avhengig av faktorar som beitebruk, slått, rydding, brenning eller styving for å bestå.
  • Areal som er viktige for allmenn ferdsel, rekreasjon og reiseliv.

Ved rydding/ skjøtsel / gjerding av gammal kulturmark og reetablering av areal vert det sett eit tak på kostnad per dekar på maks kr 3.300.

Kommunen kan gje tilskot til drift og skjøtsel av areal (dyrka mark, overflatedyrka mark og innmarksbeite) i samsvar med dei målsetjingane som er fastsett i ” Forvaltningsplan utvald kulturlandskap i jordbruket – Hjørundfjorden og Norangsdalen ” av 2020. Skjøtselen må vere slik at arealtilstanden vert oppretthalden over tid.

I følgje tildelingsbrev frå 2022 skal leggast særleg vekt på:

  • Gjennomføringsevne, framdrift og oppnådde resultat i områda
  • Evna til å etablere spleiselag med fleire finansieringskjelder
  • Områda si størrelse i areal, omfang av tiltak og tal eigarar/drivarar
  • Variasjonar i behova frå år til år, saman med hensyn til føreseielegheit og kontinuitet
  • Gode planar og realistiske budsjettforslag / kostnadsoverslag

 

Korleis søkjer du?

Alle søknader skal skje elektronisk via lanbruksdirektoratet sine sider.

Det er viktig at du les godt gjennom dei lokale retningslinene og rettleiinga til søknadsskjema. Lokale retningsliner og rettleiinga finn du i høgre margen på denne sida.

Søknadsfristen er 19. april 2022.
 

Kontakt for meir informasjon eller spørsmål

Jan Endre Nesdal, Ørsta kommune. Tlf. 902 55 815
E-post: jan.endre.nesdal@orsta.kommune.no

For meir informasjon om UKL-ordninga sjå landbruksdirektoratet si heimeside.

Kontakt

Jan Endre Nesdal rådgjevar landbruk
90255815
@ Jan Endre Nesdal