Innsynsmodulen vår er nede

Grunna overgang til nytt saks- og arkivsystem har vi tekniske problem med innsynsløysninga vår, dette går desverre utover møtedokumenta også. Det vert arbeidd med å rette feilen, vi takkar for tolmodet. 

Her finn du førebels innkalling/møtedokument for

Formannskap (PDF, 4 MB)

Kommunestyre (PDF, 2 MB)

Korttidsopphald

Korttidsopphald i insititusjon er eit behandlings-/pleie-og omsorgstilbod til sjuke og pleietrengande som ikkje kan bu heime i ei tidsavgrensa periode.


Årsakene kan vere:

- Behov for meir pleie eller rehabilitering etter sjukehusopphald før ein reiser heim

- Behov for utgreiing eller behandling

- Pleie og omsorg ved livets slutt


Tildeling av tenesta skjer etter ei individuell og fagleg vurdering, og vert tildelt for ei tidsavgrensa periode. Korttidsopphald kan verte tildelt på alle einingar som tilbod om denne tenesta.

Tenesta kan omfatte behandling, pleie-og omsorg, tilsyn av lege, måltid og medisinar, fysioterapi og ergoterapi ved behov, trening på daglege gjeremål, vurdering av funksjonsevne, lindrande behandling og omsorg ved livets slutt.

Det vert krevd betaling for korttidsopphald i insititusjon etter forskrift for eigenbetaling for kommunale pleie-og omsorgstjenester.

Velkomen til kortidsavdelinga

Fann du det du lette etter?