Barnehagesatsar

Endring i dei kommunale barnehagesatsane vert å fastsetje av kommunestyret ein gong i året. Betalingssatsane vert fastsette i samband med budsjetthandsaminga, og endringar gjeld til vanleg frå 01.01. i budsjettåret. Dei private barnehagane følgjer same satsane som kommunen.

Barnehageplass


Maksprisen frå 1. januar 2021 er 3230 kr. Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Maksprisen gjeld for alle barnehagar, uavhengig av om dei er offentlege eller private. Grensa er sett av Stortinget. 

 

Heiltids og deltidsplassar

Barnehagesatsar 100% 80% 70% 60% 50%
2020 3135 2950 2850 2550 2150
2021 3230* 3000 2900 2600 2200

*Nasjonal makspris vart vedteke av Stortinget i desember 2020.

Barnehagane kan krevje betaling for kost (matpengar) i tillegg til maksprisen. Satsen for matpengar er kr 410,- for 100% plass.

Pris ved einskildkjøp av ekstra dag:
Nokre få føresette som ikkje har 100 % plass i barnehage ynskjer av og til å kjøpe ein dag.
Pris for ein dag vil frå 01.01.2021 vere kr 300,- 
 

Frå 1.august 2016 har alle tre-, fire- og femåringar som bur i hushaldningar med lav inntekt rett til å få 20 timar gratis opphald pr. veke. Frå 1.august 2019 gjeld gratis kjernetid for hushaldningar med lav inntekt. I samband med statsbudsjettet er det no gjort framlegg om å inkludere toåringane i ordninga frå 01.08.19. 

 
 

Moderasjonsordning

Det er vedtatt ulike moderasjonsordningar for foreldrebetaling. Meir info om dette finn du her:

Moderasjonsordning

Utdanningsdirektoratet

Kontakt

Hildegunn Rebbestad Olsen Konsulent
90 69 31 21
@ Hildegunn Rebbestad Olsen

Nyhende