KORONAINFORMASJON

Samleside om koronaviruset  |  Bestill time til koronatest 

Varsel! Vegen frå Selbervika til krysset ved Hovdevatnet er stengt inntil vidare grunna uvær.

Skattar og avgifter

 

Skatteetaten er ansvarleg for skatteoppkrevjar-oppgåver 

1. november 2020 tok Skatteetaten over ansvaret for oppgåvene som skatteoppkrevjaren i kommunen har hatt tidlegare. Skatteetaten har no fått eit heilskapleg ansvar for fastsetting, innkrevjing og kontroll av skattar og avgifter. 

Skatteoppkreving (Skatteetaten.no)

Oppgåvene som er til Skatteetaten er mellom anna behandling av restskatt, skattepengar til gode, tilleggsforskot, forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, motrekning og utleggstrekk knytte til skattekrav, skatteattestar og konto-/saldoutskrift for skatt og avgift.

På Skatteetaten sine nettsider finn du informasjon, og det er moglegheit for å sende inn spørsmål, søknadar, bestilling av utskrifter, klager mm via nett.

Skatteetaten tek ikkje i mot e-post, men ved å gå inn via nettsidene kan ein sende skriftlege meldingar om alle typar spørsmål. Treng du meir hjelp må du kontakte Skatteetaten i andre kanalar. Chat, telefon 800 80 000 og Facebook er dei raskaste måtane å få tak i Skatteetaten på.