Kart- og oppmålingstenesta er ein nøytral instans der næringslivet, offentlege organ og privatpersoner kan få rettleiing for dei fleste oppmålingsarbeid og spørsmål. Etter nødvendig rekvisisjon av oppmåling og søknad om frådeling, gjer ein den naudsynte formelle handsaminga etter plan- og bygningslova, held oppmålingsforretning og registrerer ny eigedom i matrikkelen.
Om du lurer på noko i samband med vatn- og avløpskart, adresser, gatenamn, stadnamn, husnummer, areal, eigarar, frådeling, bortfeste av tomt, grensepåvisning, gards- og bruksnummer, eigedomskart og matrikkelbrev kan du ta kontakt på telefon 700 49 700.
Kommunen har gjort tilgjengeleg grunnkart, flyfoto, ledige tomter og reguleringskart på Ørstakart.
Sjå prisar og gebyr