Transporttenesta for forflyttningshemma - TT kort

Transporttenesta er eit tilbod om drosjetransport til personar som er varig forflyttningshemma på grunn av fysisk eller psykisk funksjonshemming. Transporttenesta kan vere til hjelp slik at dei kan få høve til å delta i aktivitetar i nærmiljøet.

TT-ordninga er ikkje ein lovfesta rett, men eit velferdsgode som fylkeskommunen tilbyr innbyggjarane. Fylkeskommune vedtek beløpet som skal brukast, og korleis TT-ordninga skal organiserast.


Elektronisk kort

Kortet blir fylt opp 2 gonger i året; 1. januar og 1. juli. Saldo på kortet vert nullstilt 1.januar. Kortet skal brukast som heil eller delbetaling for TT-transport med drosjer og vil fungere som eit vanleg kredittkort som blir brukt i taksameteret.

Ved hjelp av det elektroniske systemet kan fylkeskommunen drifte TT-ordninga på ein betre måte. Systemet gjev betre oversikt og unngår overforbruk. Det er Rogaland Taxi AS på vegne av Møre og Romsdal fylkeskommune driv ordninga.
 

Slik søkjer du

Du kan søke med digitalt skjema eller papirskjema. Papirskjema skal sendast til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta.

Husk at legeerklæring skal ligge ved søknad.

Digitalt søknadsskjema
 

Handsaming

Søknadane vert handsama fortløpande.
 

Klagefristen er 3 veker

Klagen skal stilast til Helse- og sosialsektoren og vil bli handsama i Drosjebongnemnda. Opprettheld Drosjebongnemnda vedtaket, vert saka oversendt kommunen sitt klageorgan; formannskapet for endeleg avgjerd.

Kontakt

Ørsta kommune
70049700
@ Ørsta kommune
Grete Zachariassen servicemedarbeidar service og dokumentasjon
91563079
@ Grete Zachariassen
Elisabeth Sæbønes Leiar Service og dokumentasjon
91685027
@ Elisabeth Sæbønes