Vald og overgrep

Dette er ei samleside for ulike vegvisarar i høve vald og overgrep.

Det er fleire som står klare til å hjelpe deg som er eller har vore utsett for vald eller overgrep. Nedanfor er ei liste, sjå kven som passar deg og din situasjon. Ikkje nøl med å ta kontakt:

Vald og overgrep

Alarmtelefon for barn og unge

Alarmtelefonen for Barn og Unge er ein gratis nødtelefon 116 111.

Der vil du møte vaksne mennesker som skjønar korleis du har det, og som bryr seg om at du får det betre. Nødtelefonen er open når kontora til barneverntenesta er stengt.

I vekedagane er den open frå kl. 15:00 om ettermiddagene og til kl. 08:00 neste morgon. I helgane er den open heile døgnet.

Dinutvei.no – Nasjonal vegvisar ved vald og overgrep

dinutvei - Klikk for stort bilete

Vald i nære relasjonar, overgrep og valdtekt kan råke menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva slags hjelp dei kan få eller kvar hjelpa finst. Mange ønskjer også meir kunnskap om vald og overgrep.

Dinutvei.no gjev oversikt over ulike hjelpetilbod, der ein er eller over heile landet. På dinutvei.no finn du også informasjon, fagstoff og ei spørsmåls- og svarteneste, der du kan stille spørsmål og få svar anonymt eller på e-post.

Vegvisaren gjev oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og bekymra, dei som utøver vald og til fagpersonar.

Dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet, og er ein del av innsatsen frå regjeringa for å førebyggje vald i nære relasjonar.

Krisesenter - Sunnmøre

Krisesenter for sunnmøre.png - Klikk for stort bilete

Dette er eit gratis døgnope tilbod for born, kvinner og menn som er eller har vore utsett for ein eller annan form for vald. Tilboda er delt mellom mann og kvinne, og lagt til to ulike tenestestader. Tilbodet er gratis, lavterskel og for alle nasjonalitetar. Du tek direkte kontakt og treng inga tilvisning eller timeavtale. Krisesenteret svarar og gir råd på telefonen heile døgnet!

 

Krisesenteret si heimeside

 

Om tilbodet

Krisesenter for menn og krisesenter for kvinner er eit tillegg til det offentlege hjelpeapparatet i samarbeidskommunane.

  • Dagtilbod - samtale, råd, veiledning, støtte og omsorg.
  • Døgntilbud (for ei kortare periode). Vern og rådgivning, kontakt med naudsynt hjelpeapparat, støtte og omsorg, samtale.
  • Tilbod om gratis rådgivning hjå advokat

Dei to interkommunale krisesentra er eit tilbod for dei som er busett på Sunnmøre; Ålesund, Ørsta, Volda, Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein, Hareid, Sula, Giske, Skodje, Haram, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda, Sandøy og Sykkylven. Men andre kan også ta kontakt, så viser vi vidare til rett stad.

Dei som nyttar tenesta har krav på ei heilskapleg oppfølging gjennom samordning av tiltak mellom krisesentertilbodet og andre delar av tenesteapparatet. Kommunane skal sørgje for god kvalitet på tilbodet, mellom anna ved at dei tilsette har kompetanse til å ta vare på dei særskilte behova til brukarane. 

 

Lovverket

Lov om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova)

Tilbodet skal etter lova omfatte:

  1.  eit gratis, heilårs, heildøgns, trygt og mellombels butilbod, og
  2. eit gratis dagtilbod, og
  3. eit heilårs og heildøgns tilbod der personar kan få råd og rettleiing per telefon, og
  4. oppfølging i reetableringsfasen

 

Ulike typar vald

  • Fysisk vald kan vere å halde, dytte, riste, slå eller spare. Det kan også vere bruk av ulike våpen. I verste fall kan vald føre til tap av liv. 
     
  • Psykisk vald er direkte eller indirekte trugslar, degraderande og audmjukande åtferd, kontroll og isolering. 
     
  • Latent vald er ein form for psyksik vald. I denne fasen går den valdsutsette på nåler, ho/han er på vakt og ventar på valden. 
     
  • Utagerande sjalusi er sjalusi som er skremmande og krenkande, eller som vert nytta for å styre eller kontrollere andre. 
     
  • Materiell vald er valden som skjer når ting vert øydelagt i sinne for å skremme eller kontrollere deg. 
     
  • Økonomisk vald er når du vert fråteken kontroll over eiegen økonomi, og ikkje får tilgang til dine pengar. 
     
  • Seksuell vald er at du vert tvungen til seksuelle handlinger mot din vilje. Incest og valdtekt er ekstreme former for seksuell vald. 
     
  • Tvangsekteskap er når du vert nekta retten til å avgjere kven du vil gifte deg med, og vert tvungen til ekteskap.
     
  • Menneskehandel er sexhandel med kvinner, menn og born.
Overgrepsmottaket Ålesund

Overgrepsmottaket har eigen inngang ved Ålesund lokalmedisinske senter, like ved Ålesund interkommunale legevakt.  Tilbodet gjelder både for kvinner og menn og er uavhengig av om saka vert meldt til politet.
Adressa er Åsesvingen 16, 6017 Ålesund.

Overgrepsmottaket gjeld både seksuelle overgrep og vold i nære relasjoner.

Telefonnummeret vårt er 116 117
 

Interkommunalt samarbeid

Overgrepsmottaket er et interkommunalt samarbeid mellom 15 kommuner på Sunnmøre: Ålesund, Ulstein, Giske, Sula, Haram, Skodje, Ørsta, Ørskog, Stordal, Norddal, Stranda, Sykkylven, Volda, Herøy og Sande.

Tilbudet er gratis og du kan ta kontakt hele døgnet.

Mottaket tilbyr:

  • Omsorg i trygge omgivelser.
  • Samtale med overgrepsutsatte og pårørende.
  • Samtale med de som opplevere vold i nære relasjoner.
  • Medisinsk undersøkelse og behandling.
  • Rettsmedisinsk undersøkelse for sikring av bevis i tilfelle anmeldelse.
  • Formidler kontakt med andre instanser når dette er ønskeleg: bistandsadvokat, politi, tolketjeneste m.m.
  • Oppfølging i etterkant, i heimkommunen eller på mottaket.

Mange synes det er vanskelig å ta kontakt etter å ha opplevd vold og seksuelle overgrep. Men fordi desse overgrepa ofte rammer så hardt, treng dei fleste hjelp til å bearbeide det. Så ikkje ver redd for å ta kontakt.

SMISO - Senter mot incest og seksuelle overgrep

Smiso - Klikk for stort bilete

Vi tilbyr samtalar, råd og rettleiing til alle utsette for seksuelle overgrep, pårørande, vener og andre samarbeidspartnerar. Vi har også tilbod om advokat- og sexologrådgjeving. 


Facebook
www.smiso-mr.no
smiso@smiso-mr.no

Tlf:

  • 71 11 51 55 
  • 97 41 55 80 

 

Vi er eit tilbod for:

  • Barn og ungdom
  • Vaksne
  • Partnerar
  • Pårørande
  • Familie og nettverk
  • Det offentlege hjelpeapparat
  • Skular og institusjonar

 

Ørsta

Trico-bygget 4. etasje 
Strandgt. 22

Følgande tysdagar 14 - 18:

4. september

2. oktober

6. november

4. desember

 

 

 

Fann du det du lette etter?