Viltforvaltning

Kommune har eit overordna ansvar for viltforvaltninga lokalt og ivaretaking av viktige leveområde for viltet gjennom arealplanlegging.

Ørsta og Volda kommune har starte eit prosjekt med oppdatering av viltkartverket der viktige funksjonsområde vert kartlagt og verdsett.

Kommunen er ei stor hjortekommune og det er utarbeidd eigne kommunale bestandsmål for hjortebestanden. Målet er å redusere bestanden og få bestandsutviklinga under kontroll.

Det er også utarbeidd eigne retningsliner for forvaltning av det kommunale viltfondet, med årleg søknadsfrist den 15. november 

Ansvaret for viltforvaltninga ligg til miljøvernrådgjevar, men den praktiske hjorteviltforvaltninga vert følgt opp av landbrukskontoret.

Hjortepåkjørsel?

Ved hjortepåkjørsel skal ein ringe politivakta på tlf 02800

Politivakta har opplysningar om kven dei kan kontakte i kvar enkelt kommune, anten viltnemnd eller ettersøksring som kan rykke ut og ettersøkje/avlive. 

Kontakt

Liv Bente Viddal tenesteleiar
90704008
@ Liv Bente Viddal
Magnar Selbervik miljøvernrådgjevar
48166679
@ Magnar Selbervik