Bakketun er ei skjerma eining/avdeling for demente ved Ørstaheimen. Vi har 16 plassar fordelt på to grupper, kalla aust og vest, kvar med grupper på 8 bebuarar. Alle har einerom.
Meir informasjon finn du i brosjyra for Bakketun her:
Brosjyre
Med så små grupper er det lettare å få oversikt over kva behov kvar einskild brukar måtte ha og på den måte hjelpe den demente til å ta vare på sine ressursar. På same tid vert det lettare å vere ei støtte for dei pårørande. Hovudmålet vårt er å skape livskvalitet for den einskilde bebuar.
Einingsleiar er Kyrre Skavøy.
Kontaktinformasjon finn du til høgre på sida.