AKTUELT NO:

Dette må du gjere ved tilsyn

Dette må du gjere FØR tilsynet 

  • finne fram monteringsrettleiing på eldstad(-ar) og skorstein, samt evt. annan dokumentasjon.
    Mange monteringsrettleiingar er å finne på internett.
  • Informer alle i bustaden om at det skal vere tilsynet. 
  • sjå til at heile fyringsanlegget er tilgjengeleg frå kjellar til loft. Det må vere tilgang til alle rom som skorsteinen er i/går igjennom. 
     

Dette må du gjere UNDER tilsynet 

  • Huseigar eller representant for huseigar må vere til stades ved tilsynet og gi brannførebyggar tilgang til heile fyringsanlegget.
  • Fyringsanlegget vil bli inspisert frå kjellar til loft. I tillegg vil vi rettleie deg i spørsmål om fyring, fyringsøkonomi og branntryggleik i heimen. Det vil og bli sett på røykvarslarar, sløkkeutstyr og rømingsvegar.

 

Meir om tilsyn