Tilsyn

Tilsyn er ei lovpålagd oppgåve. Kommunen skal syte for at det ved behov vert ført tilsyn med fyringsanlegg* som brukast til oppvarming av byggverk.  

Denne tenesta er dekt av feie- og tilsynsgebyret. 

Når ein planlegg tilsyn, sett ein som regel opp tilsyn for heile dagen. Dette gjer at det oftast ikkje er mogleg å kome på eit anna tidspunkt enn det som er oppsett den dagen tilsynet er planlagt. Dersom det planlagde tilsynet ikkje høver for huseigar er det sjølvsagt råd å ta kontakt med brannførebyggar og få bytte til ein annan dag. Ver merksam på at brannførebyggar ikkje svarar på telefon dersom han er på tilsyn, men vil ringe deg tilbake så snart han har høve. Send gjerne sms i staden for å ringe. 

Ved tilsynet må brannførebyggar ha tilgang til heile fyringsanlegget og huseigar eller representant for huseigar må difor vere til stades. Ein må rekne med at tilsynet varer mellom 30 – 60 minutt. Feiing og inspeksjon frå tak vert ikkje gjort ved tilsynet. 

*Fyringsanlegg omfattar både eldstad, røykkanal og evt. matesystem for brensel. 

 

Tilsynet vil omfatte kontroll av at 

  • eventuelle tidlegare registrerte avvik og merknadar er følgt opp og utbetra 
  • ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt til kommunen 
  • eldstad, røykkanal, skorstein og eventuelt matesystem for brensel er tilfredsstillande bygd og montert 
  • anlegget er tilfredsstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde 
  • det er montert røykvarslarar/brannalarmanlegg i samsvar med gjeldande krav 
  • det er tilstrekkeleg med sløkkeutstyr 
  • rømingsvegar er i samsvar med gjeldande krav 

Gass og/eller brannfarleg væske 

Dersom det vert oppbevart gass og/eller brannfarleg væske i bygget vil ein og sjå på dette. 

Sjå kva du må gjere ved tilsyn

  

Kontakt

Ole Nedreberg brannførebyggar
48895236
@ Ole Nedreberg