Fairtrade.no
Fairtrade Volda Ørsta
Fairtrade er ei anerkjent uavhengig internasjonal merkeordning for rettferdig handel. Når vi som enkeltpersonar, bedrifter eller som kommune vel å kjøpe Faitrademerka produkt, bidreg vi til at arbeidarar og bønder i utviklingsland får ordentlege løns- og arbeidsvilkår, og at dei ved eiga hjelp kan klare å løfte seg sjølv og familien sin ut av fattigdom.
Eg treng ikkje veldedigheit, eg er ingen tiggar. Dersom eg får ein ordentleg pris for kaffien min, så kan eg forsørge familien min. - Isaisa frå Mexico.
Ein Fairtrade-kommune vert og oppmoda om å drive med informasjonsarbeid. I Ørsta er dette delegert til ei interkommunal styringsgruppe som består av ein kommunal representant frå Ørsta og ein frå Volda, samt personar frå ulike lag og organisasjonar i desse kommunane.
Styringsgruppa er for tida samansett av:
Ingrid Opedal, Volda SV, leiar
Geir Helge Nilsen, Naturvernforbundet Volda Ørsta, kasserar og skrivar
Kjell Petter Wiik, fritt grunnlag
Laura Mortveit, Framtiden i våre hender Søre Sunnmøre
Annlaug Stokke, Miljøpartiet dei grøne Volda
Tove Halse Digernes, kommunal representant Ørsta (med Børge Bornstein som vara)
Tove Elise Thue Dale, kommunal representant Volda (med Randi Kalland som vara)