Både helsestasjon, barnehage, skule og familien/ungdommen sjølv kan ta kontakt med Friskliv Ørsta. Ein kan ta kontakt via telefon, mail eller gjennom facebooksida til Friskliv Ørsta. Tenesta er gratis.
Tenesta vert driven i nært samarbeid med både helsestasjonen, fysioterapi- og ergoterapitenesta i Ørsta, samt folkehelsekoordinator. Frisklivssentralen er organisert i Eining for Ergo, fysio og Friskliv, med lokale på Ørsta velferdshus i Dalevegen 24.
Kontakt:
Frisklivsrettleiaren er Karen Øie, som i tillegg arbeidar med kvardagsrehabiliteringstemet i Ørsta kommune. Ho har fleire års bakrunn frå privatpraktiserande fysioterapi, og er engasjert i fysisk aktivitet og det å ta vare på helsa si.
Ønskjer du å følgje med på oppdateringar knytt til Friskliv Ørsta, kan du like facebooksida deira.
Mailadresse: friskliv@orsta.kommune.no