I Ørsta tilbyr vi barnehageplass i alle delar av kommunen. Kommunen er eigar og driftsansvarleg for 7 barnehagar. 3 barnehagar er private.
Barnehagane i Ørsta har:
- Høg kvalitet
- Barnehagelærarar i alle styrar- og pedagogstillingar
- Fagleg og heilskapleg tilbod til alle born
- Full behovsdekking
- Brukartilpassa tilbod med både heiltidsplassar og deltidsplassar
I barnehagane i Ørsta arbeider vi ut frå tanken om at borna skal vere i sentrum, og at born er verdifulle, kompetente og sosiale. Ut frå desse stikkorda har vi utarbeidd felles standarar for barnehagane i Ørsta:
- Borna opplever å få uttrykkje tankar og kjensler, og får høve til å gjere eigne val.
- Borna opplever dagleg gleda ved å meistre og få positiv tilbakemelding.
- Borna oppleve eit inkluderande miljø med venskap, omsorg, leik og læring.
- Borna opplever eit utfordrande miljø prega av allsidige natur- og kulturerfaringar.
Lokal rammeplan
Nasjonal rammeplan
NB: Om du trykkjer på ikonet oppe til venstre i ramma, får du fram oversikta over barnehagane. Når du trykkjer på den enkelte barnehage, får du sjå posisjonen på kartet.
NB: Om du trykkjer på ikonet oppe til venstre i ramma, får du fram oversikta over barnehagane. Når du trykkjer på den enkelte barnehage, får du sjå posisjonen på kartet.