Eigenberedskap

 

 

Har du alt du treng for å klare deg sjølv i minst tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte?

Målet med Eigenberedskapsveka 2022, som blir gjennomført 31. oktober – 6. november, er å gjere oss betre rusta til å stå imot kriser. Du har truleg allereie mykje av det du treng for å klare deg sjølv i tre dagar, så ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du og dine nærmaste blir litt betre førebudde.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) anbefaler alle husstandar i Noreg å ta nokre enkle grep for å betre eigenberedskapen sin. På sikkerhverdag.no finn du konkrete råd som DSB har utarbeidd for alle innbyggjarar. Her finn du mellom anna døme på ting du bør ha i beredskapslageret heime for å klare deg i minst tre døgn.


Kvifor kjem eigenberedskapsråda no?

Pandemien og krigen i Europa gjer at eigenberedskap er meir aktuelt enn på lenge. Det kjem på toppen av allereie kjende utfordringar som cybertruslar og meir ekstremvêr. Dette kan føre til bortfall av kritisk infrastruktur som til dømes straum, vatn og mobilnett.

Vi som bur i Noreg – eit av verdas tryggaste og mest stabile land – er vande med at det meste stort sett fungerer som det skal. Det er veldig mange tenester og funksjonar vi er avhengige av for at det skal gå rundt i det daglege utan større problem. Nettopp denne avhengigheita gjer oss sårbare.


Du er ein del av beredskapen i Noreg

Sjølv om vi lever i eit trygt land, kan uønskte hendingar oppstå også hos oss. Og dersom vi blir ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp.

 

Dette bør du ha i samla ein trygg stad i heimen din: 

Illustrasjon av ei vannflaske med teksten: Drikkevatn. Opprettglad væskebalansen ved å ha tre liter vatn per person til drikke og matlagning, per døgn. Illustrasjon av eit førstehjelpsskin med teksten: Ha utstyr til å kunne håndtere lettare og eventuelt større skader til du får hjelp. Illustrasjon av ei lommelykt med teksten: Du treng ei god lykt for å kunne ta deg fram på ein trygg og effektiv måte når straumen er vekk. Illustrasjon av ei fyrstikkeske med teksten: Skap ei hyggelig steming i stova med levande lys, når huset er mørkt. Illustrasjon av tre hermetikkboksar med teksten: Vi anbefalar eit lager som tilsvara tre dagar forbruk for husholdninga. Illustrasjon av eit stormkjøkken med teksten: Om straumen går treng du ei alternativ varmekjelde til mat og varm drikke. Illustrasjon av ei hue med teksten: Varme klede. Huset blir fort kaldt om straumen går. Då er det godt med tjukke genserar og sokkar. Illustrasjon av eit pledd med teksten: Varme pledd og sovepose. Å halde varmen er viktig. Ha nokre ekstra pledd i skapet for kalde dagar. Illustrasjon av kontantar med teksten: I ei krise er det ikkje sikkert bank- og betalingsterminalane fungerar. Ha nokre kontantar liggande heime. Illustrasjon av ein lommekniv med teksten: Verktøy. Du bør ha hammar, spikar, mulitkniv og gafateip til små reperasjonar, om noko skulle bli øydelagt i ekstremveir. Illustrasjon av ein stabel med ved med teksten: Alternativ varmekjelde. Hald varmen med ved-, gass- eller parafinovn. Ein god huskeregel for vedovn er 30liter ved per døgn. Illustrasjon av tabletter/medisiner med teksten: Er nokon i familien avhengig av medisiner? Oppbevar eit minimumslager av medisinar for 72 timers bruk. Illustrasjon av ein nødladar med teksten: Hald mobilen opplada med batteridreven mobilladar og/eller USB-ladar til sigarettenneruttak i bil. Illustrasjon av eit brannsløkkjar apparat med teksten: Sørg for at du kan sløkkje mindre brannar/branntilløp på eiga hand. Illustrasjon av ei radio med teksten: Hald deg orientert. Ha ein DAB-radio i huset - og still den inn på NRK P1 for å få med deg viktig informasjon. Illustrasjon av ei handspritflaske med teksten: Personleg hygiene. Toalettsaker, handsprit, munnbind og søppelsekka (til nødtoalett) til nødvendig hygiene. Illustrasjon av ein boksopnar med teksten: Viktig å ha for å kunne lage måltid med hermetikkmat.

Vurder om du treng dette også

Om du har baby: Vurder behovet for babymat, morsmelk-erstatning, bleier, våtserviettar, m.m. 
Om du har kjæledyr: Mat og vatten til dyret.
Personlege dokument: Kopiar av pass, førerkort og kontaktlister – digitalt og på papir.
Jodtablettar: Til barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande. Kjøpast på apoteket og takast etter råd frå myndigheitene. 
Andre ting som kan vere hyggelege å ha er brettspel, godteri/snacks og leiker/kosebamse. 

 

Kart over offentlege tilfluktsrom i Ørsta

1. Vikegata 17 — 2. Dalevegen 24 — 3. Torvmyrane 5 — 4. Langemyra 2


 

Brosjyre

Brosjyra kan du også hente på servicekontoret.

 

Gode kjelder til informasjon under ei krise