Arbeid i Ørsta kommune

Arbeid i Ørsta kommune

Ørsta kommune er med 10.700 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Publisert av Sverre Osdal. Sist endra 01.02.2018
Fant du det du lette etter?

Ledige stillingar

  • 14.06.2018 Kommunal badevakt - Ørstahallen. Søknadsfrist: 07.07.2018
    Sak: 2018/1739 ID: 1178I Ørsta kommune er det frå 15.9.2018 ledig 12,4 % fast stilling som badevakt.Stillinga er lagt til seksjon eigedom med tenestestad f.t. ved symjehallen i Ørsta sentrum (ved Ørsta ungdomsskule).
  • 14.06.2018 Fløytelærar, 20% stilling – Ørsta kulturskule. Søknadsfrist 07.07.2018
    Sak: 2018/1745 ID: 1179I Ørsta kommune er det frå 01.08.2018 ledig 20% fast stilling som fløytelærar. Stillinga er lagt til seksjon kultur og landbruk med tenestestad f.t. kulturskulen.I tillegg til 20% fast stilling som fløytelærar, kan det verte ledig mindre vikariat i andre fag.
  • 29.05.2018 Off. godkjent sjukepleiar – 100 % fast, Ørstaheimen -Buavdelinga. Søknadsfrist: 20.06.2018
    I Ørsta kommune er det frå d.d. ledig 100 % fast stilling for off. godkjent sjukepleiar. Stillinga er plassert i seksjon omsorg og rehabilitering, med f.t Buavdelinga som tenestestad. Buavdelinga er ei somatisk langtidsavdeling med 24 plassar. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider tett med andre faggrupper i kommunen. Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte. Vi søkjer etter inspirerte medarbeidarar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar.
  • 29.05.2018 Off. godkjent helsefagarbeidar –70% vikar, heimebasert omsorg sone vest. Søknadsfrist: 20.06.2018
    I Ørsta kommune er det i perioden d.d. –13.03.2019 ledig 70 % vikarstilling for off. godkjent helsefagarbeidar. Stillinga er plassert i seksjon omsorg og rehabilitering, med f.t. heimebasert omsorg sone vest som tenestestad. I heimebasert omsorg møter du mange ulike brukarar og får arbeide saman i eit godt team.
  • 29.05.2018 Kommunepsykolog 100 % fast, seksjon helse og velferd. Søknadsfrist: 20.06.2018
    I Ørsta kommune er det frå 1.6.2018 ledig 100 % fast stilling som kommunepsykolog. Stillinga er for tida plassert i seksjon helse og velferd. Seksjonsleiar vil vere næraste overordna.
  • 27.09.2017 Tilkallingsvikar – lærar i Ørstaskulen: Søknadsfrist: tilsetjing fortløpande
    Ørsta kommune, seksjon Skule, har til ei kvar tid trong for lærarar som kan ta på seg arbeid som tilkallingsvikarar. Som tilkallingsvikar må du kunne stille på kort varsel og vere budd på å undervise på alle årssteg og i alle fag. Tilkallingsvikarar vert tilsett på arbeidsavtalar i kortare eller lengre periodar, og mynde til å gjere slik tilsetjing er delegert til den einskilde rektor. Saman med utdanning og praksis, vil stabilitet og personlege eigenskapar verte vektlagde.

snakk med oss.png

Arbeid i Ørsta kommune

Arbeidsgjevarstrategi