Utlån av friluftsutstyrSmåjobbsentralen driftar Ørsta sin kommunale utlånssentral. Dei låner ut friluft- og vinterutstyr til born og vaksne i alle aldrar. Fokuset er å motivere og inkludere alle til å ta del i ulike aktivitetar som naturen og samfunnet rundt oss kan tilby. Vi er omgitt av mykje flott natur og vi ynskjer å gi vårt bidrag slik at alle skal kunne få bruke den. Småjobbsentralen: Utlånssentral Kven er dette for? Dette er eit tilbod for alle born og vaksne i alle aldrar. Det er også eit tilbod til skulane, vi stille med utstyr til turar og om det elles skulle være behov. Kva lånar vi ut? Vi lånar ut langrennskipakkar for voksen og born (Sko, ski og stavar) Utlån av ein lavvu (14 person) Bålpanne Syklar i dei fleste størrelsar + hjelmar (voksen og born) Diverse friluftsutstyr (fiskestang, teleskopgaflar, speidarknivar etc) Skøyter i størrelsar opp til 43 + hjelmar Truger (Voksen) Opningstider Det er mogleg å ta kontakt med Småjobbsentralen i deira arbeidstid for å låne utstyr, måndag-fredag mellom kl. 08.30 og 15.00. Småjobbsentralen er å nå på telefon ved Anneth-Olinn Lianes 90735122 eller Stine Terese Vatne Riise 90254673 eller på Facebooksida vår Småjobbsentralen Ørsta. Publisert13.01.2021 12:44