Kontantstøtte

Du kan få kontantstøtte for born mellom eit og tre år eller adoptivborn som ikkje har teke til på skulen. Kontantstøtta skal vera til hjelp slik at familiane sjølve kan ta større del av omsuta for eigne born.

Du kan velje om du sjølv vil ha heiltidsomsut for barnet, eller i kva grad du vil overlate omsuta for barnet til andre, uavhengig av korleis tilsynet vert ordna.
 
 

 

Kven kan få kontantstøtte? 

Dersom du har born mellom eit og tre år som ikkje går i ein barnehage som har offentleg driftstilskot, kan du få full kontantstøtte. Har barnet deltidsplass i barnehage, kan du få delvis kontantstøtte. Du kan maksimalt få støtte i 23 månader. 
 
For adopterte born kan du få kontantstøtte i opptil 23 månader etter at stønadsperioden for fulle adopsjonspengar er over. Dette gjeld sjølv om barnet allereie er eller fyller tre år i løpet av denne perioden, men barnet kan ikkje ha byrja på skule.
 
Sist endra 04.01.2018
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

NAV Ørsta/Volda Ivar Aasengate 10 NAV Ørsta/Volda Ivar Aasengate 10
55553333

Nyhende