Brannøving: Anders hovden-gata

Måndag 23. september, mellom 18.00 – 20.00, vil Ørsta brann og redning ha ei større kjemikalieøving i Anders hovden-gata/ krysset til Ørsta ungdomsskule.

Det vil bli sirener og blålys. Les meir

Installasjon av eldstad

Installering, endring og reparasjon av eldstad i eksisterande byggverk innanfor ei brukseining eller branncelle er unntatt frå krav om byggesakshandsaming jf Byggesaksforskrifta § 4-1 c.  punkt 5.

Eigar skal melde frå til kommunen (brannvesenet) når ny eldstad er installert eller når det er gjort andre vesentlege endringar ved fyringsanlegget. Dette gjer ein elektronisk: 

Melding om installasjon av eldstad

Fann du det du lette etter?