AKTUELT NO:

Val 2021Alt om korona  |  Bestill koronatest  |  Koronavaksinering​​​​​​​

Politikontakter for Ørsta og Volda

 
Kven er politikontakt?

Politikontakten er kontaktperson i politiet for alle innbyggjarar, organisasjonar og alle verksemder i Ørsta kommune.

Politikontakt i Ørsta og Volda:
Politioverbetjent  Pål Inge Olsen
Telefon: 909 44 045. E-post: pal.inge.olsen@politiet.no

Politistasjonssjef Oddbjørn Myklebust
Telefon: 920 80 809. E-post: oddbjorn.myklebust@politiet.no 

Klikk for stort biletePolitioverbetjent Pål Inge Olsen 

Klikk for stort biletePolitistasjonssjef Oddbjørn Myklebust 

Kvifor politikontakt?

I samband med innføringa av nærpolitireforma, vart det bestemt at alle kommunane skal ha ein eigen politikontakt. Desse skal bidra til eit tettare og meir systematisk samarbeid mellom politiet, kommunen og lokale aktørar for å førebyggje kriminalitet og skape trygge lokalsamfunn.

Kva skal politikontakten arbeida med?

  • Politikontakten skal arbeide førebyggjande opp mot til dømes skular, lag og organisasjonar, men vil òg fungera som ein rådgivar for innbyggjarane. 
  • Politikontakten kjenner godt til arbeidsområda til politiet, og har brei kompetanse og erfaring innanfor førebyggjande politiarbeid.
  • Ein viktig del av arbeidet til ein politikontakt er å skaffe god lokalkunnskap og innsikt i utfordringar i den kommunen dei skal jobba med.
  • Viktige samarbeidspartnarar for politikontakten er kommunen, det lokale næringslivet, frivillige organisasjonar og andre lokale aktørar.
  • Politikontakten skal vere synleg i nærmiljøet, og skal arbeide for at folk i Ørsta har det trygt og godt. Innbyggjarar blir oppmoda til å ta kontakt dersom dei har spørsmål eller treng hjelp.

Kva er rolla til politikontakten?

  • Saman med politirådet, er politikontakten eit viktig tiltak for å sikre eit tettare og meir systematisk samarbeid mellom politi og lokalsamfunn.
  • Politikontakten skal jobbe saman med kommunen for å førebyggje kriminalitet, basert på eit felles kunnskapsgrunnlag.
  • Politikontakten skal vere eit fast kontaktpunkt mellom politiet, kommunen, næringsliv og andre lokale aktørar.
  • Politikontakten skal vere uniformert og tilstades i kommunen ein eller fleire dagar i veka, avhengig av kommunestorleik og lokale behov.
  • Politikontakten skal vere ein pådrivar for at politirådet fungerer godt, og følgje opp gjensidig forpliktande avtalar i det daglege.

 

Kontaktinformasjon til Volda og Ørsta Lensmannskontor

Politikontakter i Møre og Romsdal