KORONAINFORMASJON

Samleside om koronaviruset  |  Bestill time til koronatest 

Varsel! Vegen frå Selbervika til krysset ved Hovdevatnet er stengt inntil vidare grunna uvær.

Søkje med hjelp av fagfolk

Søknad med hjelp av fagfolk betyr at søknad, prosjektering, utføring og kontroll av planlagt byggjetiltak skal gjerast av føretak som har ansvarsrett.

I praksis betyr dette at du som tiltakshavar ikkje sjølv fyller ut søknaden - alt skal gjerast av fagfolka du engasjerer. 

Lurer du på kven som har naudsynt sentral godkjenning i kommunen så finn du dette på nettsida til Direktoratet for byggkvalitet.

Du kan sjølv søkje om personleg ansvarsrett for oppføring av eigen bustad eller fritidsbustad. Vilkåret er at du fyller naudsynte kvalifikasjonskrav i byggesakforskrifta. Søknad leverast i eige skjema med naudsynt dokumentasjon - Personleg ansvarsrett.

Gebyrregulativet for byggjesaker