Utsett skulestart inneber skulestart det året barnet fyller 7 år. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skulestarten eitt år.
Slik søkjer de:
- Om de ynskjer å få vurdert om barnet dykkar er kome tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte på skulen, kontaktar de styraren i barnet sin barnehage, eller stab hjå kommunalområde Oppvekst kultur og inkludering om barnet ikkje går i barnehage.
- Styrar og føresette søkjer bistand ved PPT for sakkunnig vurdering. Stab hjå Oppvekst, kultur og inkludering søkjer bistand ved PPT for sakkunnig vurdering for barn som ikkje går i barnehage. PPT krev signert samtykke frå føresette. Opplæringlova § 2-1
- Når PPT har skrive den sakkunnig vurderinga, kan føresette sende ein grunngjeven søknad om utsett skulestart til kommunalområde Oppvekst, kultur og inkludering.
- Når søknaden er vurdert vil de få eit grunngjeve vedtak. I vedtaket finn de òg informasjon om klagerett.
Søknadsfrist
Søknadsfrist: 1. mars det året barnet fyller 5 år.
NB! Kontakt kommunalområde Oppvekst, kultur og inkludering i god tid før søknadsfristen.