Unsplash
Kantvegetasjon er viktig for livet både i og langs vassdrag. Kantvegetasjonen har også ein viktig funksjon i å reinse og halde attende næringsstoff slik at ein unngår eutrofiering av vassdraga. Ei inntakt kantsone sikrar også rett til fri ferdsel og er viktig for å armere mot erosjonsskader ved flaum. I einsarta jordbrukslandskap er kantsonene viktige korridorar og ofte svært artsrike. Av dei opphavlege flaummarkskogane er det no berre eit fåtal område att.
Vassressurslova slår i § 11 fast at det skal vere kantvegetasjon langs vassdrag. Men det er kommunen gjennom arealplanar som vedtek kor brei denne sona skal vere ut frå forholda lokalt og kva verdiar ein skal sikre. NVE sin nye vegleiar om kantvegetasjon omtalar tilhøve mellom ulike lover og forvaltningsorgan. Les den her:
Publisert 02.05.2022 09:27