Legevakttenesta er ein del av helsetenesta i Ørsta kommune. Legevakta sin funksjon er å yte hjelp ved akutt skade eller sjukdom dag, kveld, natt,helg og høgtid.
- Om du har behov for å nytte deg av denne tenesta ring akuttnummer legevakt 116 117.
- Akutt naudhjelp ring 113.
Dagtid 08.00 - 16.00
Ørsta Helsesenter har ansvar for øyeblikkelig hjelp kvar dag frå kl 08.00 – 16.00.
Tlf.: 70 04 80 50
Akuttnummer legevakt: 116 117
Kveld 16.00 – 22.00 tlf.: 116 117
Volda og Ørsta legevakt er førebels samanslått på kveldstid (16.00-22.00) og legevaktskonsultasjonar vil vere i Ørsta eller Volda, avhengig av kva kommune som har vakta den aktuelle dagen. Timar må avtalast på førehånd via legevaktsentralen.
Helg 08.00 – 22.00 tlf.: 116 117
Legevakt ved Ørsta Helsesenter for heile Ørsta kommune (Dalevegen 28b).
Timar må avtalast på førehånd via legevaktsentralen.
Natt 22.00 – 08.00 tlf.: 116 117
Nattlegevakt for heile Ørsta kommune ved Søre Sunnmøre Interkommunale Nattlegevaktordning, lokalisert ved legesenteret i Myrvåg, og vil vere lokalisert der i alle fall ut 2020 (altså ikkje lenger i akuttmottaket Volda sjukehus).