Eigedomsskatt

Eigedomsskatten vert utrekna på grunnlag av den kommunale taksten, eller utifrå formuesgrunnlaget. Formuesgrunnlaget vert henta frå Skatteetaten. For 2023 har Ørsta kommunestyre vedteke ein eigedomsskattesats på 2,0 promille for alle eigedomar.
 
 

Utsending av faktura og skattesetel og utlegging av skattelista

Det er no eit system med fleksibel fakturering slik at enkelte har fått den første faktura. Andre får den seinare. Du kan endre fakturaintervall her. Ta kontakt med kommunen om noko er uklart.

Skattesetel vert sendt ut som eige dokument i løpet av februar og syner eigedom med matrikkelnummer, takst, skattegrunnlag, skattesats og sum eigedomsskatt som gjeld, og er etter lova definert som enkeltvedtak med klagerett.

Skattelista er planlagt lagt ut til offentleg ettersyn på servicekontoret mandag 27. februar.

 

Klage

Klager på takst etter formuesgrunnlaget skal rettast til skatteetaten. Meir informasjon finn du på Skattetaten.no.

Klager etter kommunale takster skal rettast til eigedomsskattekontoret. Klage kan sendast skriftleg også pr e-post til Ørsta kommune innan 6 veker frå kunngjeringsdato eller frå det tidspunkt skattesetelen vert utsendt.                     

NB: Det kan ikkje klagast på same grunnlaget meir enn ein gong.

 

Fritak for eigedomsskatt

For 2023 har kommunestyret  gjort vedtak om fritak for eigedomsskatt for eigedomar etter eigedomsskattelova § 7 a og b.

§ 7. Kommunestyret kan fritaka desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt:
a)    Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.
b)    Bygning som har historisk verde.

 

Tidlegare vedtak om fritak gjeld også for 2023 dersom det ikkje er endringar i grunnlaget.

Eventuell søknad om fritak sendast skriftleg per e-post til postmottak@orsta.kommune.no eller per post til Ørsta kommune, Dalevegen 6, 6153 Ørsta. Merk søknaden "fritak eigedomsskatt". Søknader vert i utgangspunktet handsama sjølv om formell frist er ute.

 

 

Kontakt

Erling Brekke konsulent Eigedomsskatt
95126327
@ Erling Brekke