Dagtilbod

 Dagavdelingane Hagestova og Skålastova har lokale på Ørstaheimen.

Tlf Hagestova 700 48 880
Tlf Skålastova 700 48 881

Opningstider er 08.30-14.30 måndag til fredag. 
Dagavdelingane er stengt alle helg – og høgtidsdagar. Tilbodet kan og vere feriestengt i løpet av sommaren.

Tilbodet er retta mot  heimebuande eldre som av ulike grunnar ikkje kan nytte seg av andre aktivitetstilbod i kommunen.

Dagtilbodet ved Hagestova er særskilt tilrettelagt for personar med demenssjukdom.

Målsetjinga med tilbodet er å førebygge funksjonssvikt og bidra til at brukaren kan halde fram med å bu i eigen heim.

Det er utarbeidd tildelingskriterium for tenesta og tildeling skjer etter ei individuell og fagleg vurdering av helse- og livssituasjon. Omfanget av tenesta vert fortløpande vurdert.

Ved dagtilbodet vert det servert frukost og middag, og du kan vere med på ulike aktivitetar som baking, handarbeid, songstunder,  turar ute og i lokalmiljøet, samt enkel trening. Det er tilbod om transport til og frå dagavdelinga dersom du har behov for det.

Frisør og fotpleiar er tilstades på Ørstaheimen enkelte vekedagar og brukar kan sjølv gjere avtale der.

Betaling for tilbodet kan variere etter kva teneste du får tildelt.

Einingsleiar : Sylvi Romestrand
Tlf 700 48 804

Fant du det du lette etter?