Bustadfinansiering

Bustadfinansiering

Startlån/tilskot kan gjevast til prioriterte grupper med behov for rimelege lån for å kunne etablere seg i eigen bustad. Tiltaket gjeld for lån og stønad frå Husbanken, til dømes søknad om bustønad og startlån.

Bustønad er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader. 

Startlån skal bidra til at personar som ikkje får lån i vanlege bankar, kan få høve til å kjøpe eigen bustad eller tilpasse bustaden dei bur i. 

Tilskot til tilpassing av bustad er for husstander eller einskildpersonar som grunna ei funksjonsnedsetting har behov for å tilpasse bustaden ein bur i, og eldre som ynskjer å gjere førebyggande tilpassingar.