Demensteam

- "Kjenner du nokon som gløymer?"

 

Klikk for stort bileteBodil Skare – leiar og hjelpepleiar, Kjersti Årøen – hjelpepleiar, Monica Gustavsen – ergoterapeut,Sylvi Romestrand – sjukepleiar,Siv Kjalnes  – hjelpepleiar


Kva er demens?

Demens er ei fellesnemning for ei gruppe sjukdommar i hjernen som er kjenneteikna ved svikt av intellektuelle funksjonar, kjenslemessig kontroll og funksjonsevner i høve dagleglivet sine utfordringar.

Brosjyre

Demensplan

Kjenner du nokon som opplever fylgjande?

  • Gløymer innlærde ferdigheiter
  • Gløymer nylege hendingar
  • Har endra personlegdomstrekk eller åtferd
  • Er forvirra i høve tid og stad
  • Gjentek historier
  • Strevar med å kjenne igjen folk
  • Har fått svekka dømmekraft
  • Har vanskar med å klare seg i kvardagen
     

Kvifor er demensutgreiing viktig?

  • Utelate andre sjukdommar som har demensliknande symptom
  • Sikre at rett tiltak vert sett i verk til rett tid både overfor brukar og pårørande
  • Tilrettelegge heimesituasjonen så brukar kan bu heime lengst mogleg
  • Vurdering av medisinar

Kva kan demensteamet hjelpe med?

  • Kartleggingssamtale og utgreiing med brukar og pårørande.
  • Kartlegging av behov for hjelp
  • Råd om hjelpemiddel som støttar hukommelse og bidreg til tryggleik
  • Oppfølging av brukar og pårørande
  • Rettleiing til pårørande og helsepersonell

NB: På alle einingar i pleie-og omsorg i Ørsta kommune er det ressurspersonar innan demensomsorg.

Kontakt

Demensteam Ørsta Telefontid torsdagar 13-16.
91 11 35 78
@ Demensteam Ørsta

Nyhende