Bålbrenning

Bålbrenning - melding/søknad

Generelle reglar for brenning i Ørsta:

Det er forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og utmark i perioden 15. april. - 15. september utan løyve frå kommunen. Dette på grunn av faren for skog-, gras- og lyngbrannar. Uforsiktig omgong med bar eld som t.d. bålbrenning og grilling er den største grunnen til skogbrann. Det er likevel tillat å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann.

I denne perioden er brenning i eller nærleiken av skog og utmark søknadspliktig. For å vere sikker på at ein får behandla søknaden i tide må søknaden sendast inn i god tid før brenninga.

Formålet med bålbrenning skal ikkje vere å kvitte seg med avfall som skal leverast til godkjent avfallsmottak.

  • All brenning skjer på eige ansvar
  • Røyken frå brenning kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med luftvegssjukdommar.
  • Kommunelegen og/eller brannsjefen kan stoppe brenning dersom ein vurderer det som skadeleg eller risiko for naboeigedomane.
  • Ein oppfordrar innbyggarane i Ørsta til å kompostere kvistar og hageavfall eller levere det til miljøstasjonen hos VØR.
  • Ulovleg brenning kan meldast til politiet.
  • Dersom brenning fører til utrykking, kan det medføre krav om kostnadsdekning frå kommunen

For meir info sjå Sikkerhverdag.no