Omsorgspengar

Formålet med omsorgspengar er å kompensera for bortfall av arbeidsinntekt for arbeidstakarar i samband med born eller barnepassaren sin sjukdom.

Kven kan få omsorgspengar? 

Dersom du er arbeidstakar og har omsut for born under 12 år, har du rett til omsorgspengar. Dersom barnet er kronisk sjukt eller funksjonshemma, gjeld retten til barnet er 18 år. 
 
Retten til å få utvida dagtalet ved kronisk sjukdom eller funksjonshemming må godkjennast på førehand av NAV. 
 


Når kan du få omsorgspengar? 

For å få rett til omsorgspengar må dei generelle bestemmelsane om oppteningstid og tap av arbeidsinntekt vere til stades (folketrygdlova § 9-2 og § 9-3). 
Dersom du må vere borte frå arbeidet grunna naudsynt tilsyn og pleie når barnet er sjukt, har du rett til omsorgspengar. 
 


Det same gjeld dersom du må vere borte frå arbeidet fordi: 

  • den som har det daglege tilsynet med barnet anten er sjuk eller er forhindra frå å ha tilsyn med barnet. 
  • den som har det daglege barnetilsynet er hindra frå å ha tilsyn med barnet fordi vedkomande følgjer eit anna barn til utredning eller til innlegging i helseinstitusjon. 
  • barnet treng oppfølging i form av legebesøk osb, sjølv om barnet ikkje er sjukt eller pleietrengjande den aktuelle dagen.
Sist endra 13.02.2018
Fann du det du lette etter?

Chat ikon

Kontakt

NAV Ørsta/Volda Ivar Aasengate 10 NAV Ørsta/Volda Ivar Aasengate 10
55553333