Borna blir plassert på skule etter nærskuleprinsippet.
Vi har fire skulekrinsar: Sentrum, Dalane, Sæbø og Vartdal krins. Sentrum krins dekker elevar til Hovden, Velle og Vikemarka skule.
Ørsta kommune startar arbeidet med å plassere elevar på 1.trinn i byrjinga av januar. Det blir sendt ut brev og informasjon til alle føresette om kva skule barnet skal gå på.
Enkeltvedtak med endelig tildelinga av skuleplass etter gjeldande forskrift for tildeling av skuleplass i Ørsta kommune, blir sendt ut i starten av mars.
Dersom du nyleg har flytta til kommunen og har born som skal gå på ein av skulane i kommunen, ta kontakt med seksjon skule ved Mari-Anne Aarskog eller Bjørg Engeset Gjersdal. Her vil du få vite kva skule barnet ditt skal gå på og få hjelp til andre spørsmål, til dømes om skuleskyss eller søknad til SFO.