Husdyrgjødsel

Spreiing og bruk av husdyrgjødsel vert regulert av Forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav og lokale forskrifter med lokale fristar for haustspreiing.


Sentral forskrift – viktige datoar:

  • 1.november til 15. februar – Denne tida er det totalforbod mot spreiing av husdyrgjødsel.
  • 15. februar - Dersom det ikkje er snødekt jord eller tele kan ein ta til med gjødselspreiing etter 15. februar, men ein oppmodar sterkt om å vente til det har vorte sopass varme i jorda at plantane er i vekst, slik at opptaket av næring er i gang. 
  • Vår/sommar fram til 1. september – Den beste utnyttinga av næringa i husdyrgjødsla får ein vår og sommar. I den sentrale forskrifta er fristen 1. september om ein spreier på eng, og ved nedmolding er fristen 30. oktober om det ikkje er snø eller tele. Ein skal alltid ta omsyn til vêrtilhøva slik at gjødsla ikkje vert vaska ut i vassdrag eller fordampar som NH4. Husdyrgjødsel spreidd på open åker skal moldast ned innan 18 timer etter spreiing.


Kommunale fristar:

  • Lokal forskrift for Ørsta kommune fastset utsett frist for spreiing på eng, til 15. september. Etter den datoen må ein søkje om dispensasjon.
  • Lokal forskrift for gamle Volda kommune fastset utsett frist for spreiing på eng, til 1. oktober. Etter den datoen må ein søkje om dispensasjon.
  • Lokal forskrift for gamle Hornindal kommune fastset utsett frist for spreiing på eng, til 15. september. Etter den datoen må ein søkje om dispensasjon.​​​​​​​

I løpet av fyrste halvår av 2020 vil ein utarbeide ny lokal forskrift for Volda kommune. 

Ver merksam på at ein gjennom tilskotsordninga Regionalt miljøprogram premierer tidleg spreiing av husdyrgjødsel, og bruk av slangespreiar/nedfelling/nedlegging av gjødsla. For å få tilskot til tidleg spreiing kan ein ikkje spreie etter 10. august, korkje på eng eller i åker. 

Ved nybygg, utviding og utbetring av gjødsellager skal kommunen godkjenne planen før arbeidet vert utført . Lagringskapasiteten for husdyrgjødsel skal være minimum 8 månadar.