Referat frå ope møte om utviklingsplanen for Ørsta sentrum 22.09.16

Artikkelbilete.jpg

Det var godt oppmøte på det opne møtet om utviklingsplanen for Ørsta sentrum, og mange kom med gode tankar og innspel.

Ope møte utviklingsplan 2

Arkitektane i Tegnestuen FELT presenterte sitt framlegg til utviklingsplan for Ørsta sentrum. Planen foreslår strategiar for korleis ein skal plassere bygg, parkering, byggjeskikk/estetikk, gangforbindelsar, handel m.m. I tillegg er det lagar meir detaljerte teikningar for korleis ein bør utvikline Havtor Hovden plass, Haldeplassen, Nekken, Svendsengarden, Vikegata og sjøpromenaden.

Etter presentasjonen vart det opna for diskusjon rundt borda, og den som ønskte kunne ta ordet og gje innspel muntleg. I tillegg var det lagt ut spørjeskjema på borda, der ein kunne gje innspel. Spørsmåla og innspela er gjengitt stikkordsmessig i referatet (sjå margen oppe til høgre).

Vidare vil arkitektane gjere nokre justeringar ut ifrå innspel frå kommunen, folkemøtet og møtet med referansegruppa som var dagen etter, og levere den ferdige utviklingsplanen dei første vekene. Utviklingsplanen vil verte eit viktig underlag for ny reguleringsplan for sentrum, men også for tiltak som kan setjast i gang før reguleringsplanen er klar. Eit døme er oppgradering av hagen ved Svendsengarden, der det var signalisert byggjestart våren 2017.

Under fins eit utdrag av illustrasjonar frå utviklingsplanen. Heile planen og plankartet slik den var presentert i folkemøtet finn du i margen til høgre (NB! det vil verte gjort endringar i dette dokumentet før endeleg overlevering).

Forbindelsane.jpg

Parkbåndet.jpg

Det_urbane_bånd.jpgSportsbåndet.jpgByggplassering.jpgByggplassering_2.jpgHavtor_hovden.jpgHaldeplassen.jpgSportsbåndet_2.jpgNekken.jpgSjøpromenaden.jpg