Plassering og omfang
Du har lov til å ha kameraovervaking over privat eigedom, fordi dette blir rekna som eit privat formål som dett utanfor personopplysningsloven.
Det er ikkje lov å overvake område som naboen sin eigedom eller offentlege vegar eller eigedom.
Skilting og informasjon
Privatpersonar som berre overvakar sin eigedom treng ikkje å skilte, men Datatilsynet tilrår likevel at dette blir gjort. Skilting kan dessutan verke avskrekkande. Dersom overvakinga rører andre som bur eller jobbar i husstanden, bør desse uansett få informasjon om overvakinga.
For meir detaljert informasjon, kan du besøke Datatilsynet.no.