Fellesstand, Aqua Nor 2019 – noko for di bedrift? Fylket har invitert kommunane til å delta på fellesstanden under Aqua Nor 2019 frå 20. – 23. august. Ørsta kommune og Næringskontoret har meldt si interesse, no er det bedriftene sin tur. – Vil di bedrift vere med på fellesstand under konferansen? (Fellesstanden er til særleg nytte for mindre bedrifter, som elles ikkje finn det teneleg å ha ein eigen stand på messa). Meir informasjon om Aqua Nor 2019, finn du her. For spørsmål og påmelding til fylket sin fellesstand, ta kontakt med: Næringskontoret ved Odd Magne Vinjevoll, omv@orsta-nk.no, Tlf.70068085 Publisert 14.11.2018 09:03