Stikk UT! startar laurdag 1. mai - Pressemelding frå friluftsrådet

Stikk UT! startar i morgon 1. mai. Det er 18 Stikk UT! turar i Ørsta kommune i år. Husk å sjekk at turane er "opna" før du begynner å gå.  

Nedtellinga til 1. mai har vore i gang lenge, no kan vi endeleg starte på ny Stikk UT! -sesong. Frå laurdag blir det råd å registrere kodar igjen, og det meste skal vere på plass. Vi er så heldige å ha mange frivillige hjelparar som er ute og set opp skilt og turkodar.

Det er ei stor glede i år å ønskje Herøy velkomen som ny deltakarkommune i Sunnmøre friluftsråd, der ventar 15 flotte nye turmål. I tillegg finn du Stikk UT!-turar i dei same kommunane i fylket som i fjor: Aukra, Aure, Averøy, Fjord, Giske, Gjemnes, Heim, Hustadvika, Kristiansund, Molde, Rauma, Smøla, Stranda, Sula, Sunndal, Surnadal, Sykkylven, Tingvoll, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta og Ålesund. 

Oversyn over turane 

 

Mange turar med utsett opning

På grunn av snø er det mange turar som dessverre ikkje kan opnast 1. mai. På dei fleste av desse er turkoden ikkje på plass enno, og det er uansett ikkje råd å registrere turane før dei opnar. Friluftsråda ber turgåarane ta omsyn til dette og oppmodar alle om å sjekke opningsdato i turforklaringa på nettsida stikkut.no eller i Stikk UT!-appen. Vent med å gå desse turane til turmålet er opna.

Tryggleiken kjem alltid først, derfor ventar vi med å legge ut kodar høgt til fjells der det framleis er myke snø. Somme stader kan det også vere fare for ras. På nokre turar er det også nødvendig å utsette opninga til stien har fått tørke opp, for å unngå unødvendig stor slitasje i ein sårbar periode.
 

Covid 19 omsyn

Koronapandemien har ikkje sleppt taket enno, dessverre. Vi ber alle om å følgje dei til ei kvar tid gjeldande forskriftene frå kommunar og regjering. Fram til 9. mai oppmodar vi spesielt folk i Ålesund, Sula og Giske om berre å gå turar i eigen kommune. Generelt oppmodar vi folk også i andre kommunar som opplever smitteutbrot, om ikkje å reise til andre kommunar før smittesituasjonen er under kontroll.

Trass i dette, er det mykje godt i vente for alle som vil delta i årets Stikk UT!-sesong: I alt 471 turar i fylket ventar på besøk det neste halvåret, og her er turar for alle. Du finn dei på www.stikkut.no og i Stikk UT!-appen, i tillegg til i kartbrosjyren. Sunnmøre friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal ønskjer alle mange flotte naturopplevingar dei neste månadane!

Norsk friluftsliv skriv om kvifor friluftsliv er godt for helsa vår her

 

GOD TUR!

Følg oss