Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Alt klart til Generasjonsleikane 2023

Bilde viser dei omtalte personane som står på plassen ved Ørstahallen og held fram ein "Sjøhesten hippo"-bok. - Klikk for stort bileteF.v.: Gerd Eidheim (Ørsta Røde kors Omsorg), Rebecca Riise Bjerknes (Ørsta frivilligsentral) og Hjørdis Almelid Vikenes (Ørsta ungdomsskule). Per Ivar Lied

Onsdag 21. juni inviterer vi til Generasjonsleikar igjen.

Generasjonsleikane er eit samarbeid mellom Ørsta ungdomsskule ved valfag «innsats for andre», Velle skule  4. klasse, Ørsta Røde kors omsorg og Ørsta frivilligsentral.

Generasjonsleikane vert arrangert for 2. gang i Ørsta og er eit møte mellom generasjonar og bakgrunnar, med felles leik som verkemiddel.

"Vi hadde ein veldig kjekk dag i fjor, og satsar på det same i år. Målet er at generasjonsleikane skal bli ein fast tradisjon i Ørsta." seier Rebecca Riise Bjerknes.

Elevane frå Innsats for andre har ansvar for å planlegge og gjennomføre leikane med hjelp frå Velle-elevane. Ørsta Røde kors syt for at alle får litt mat i magen.

I tillegg til leikane

  • vil vi denne dagen få vitjing av Sjøhesten Hippo og Ina Giske frå Happy Ocean Studios AS – og han er oppteken av eit plastfritt hav. Det vert lesestunder saman med Hippo for barnehageborn i klasserom i hallen.
  • opnar Kristin Wangen Ørsta sirkelhage for dei som vil innom der. Den nyetablerte sirkelhagen ligg mellom Barnas Vel barnehage og Bakk-Ola-marka.

 

Program

10.30  Vel møtt – Helsing frå ordførar Stein Aam
10.45  Vi dansar oss varme
11.00  Leikane startar – Ved dårleg ver vert leikane inne i Ørstahallen. Om sola skin for oss, vert leikane ute på bassengtomta og framfor Ørstahallen.
13.00  Takk for i dag og vel heim

Kontakt

Rebecca Riise Bjerknes Leiar Ørstahallen og Frivilligsentralen
91313572
@ Rebecca Riise Bjerknes

Følg oss