Ny type vaksine frå Pfizer som oppfriskningsdose

Unsplash

FHI informerar kommunane om att Pfizer kjem med ei oppdatert vaksine som skal vere betre tilpassa dei ulike variantane av covid-viruset som blant anna omikron.

Denne vaksina skal brukast som oppfriskningsdose og ikkje ein del av grunnvaksineringa. Ørsta kommune kan tilby denne vaksina i veke 38, og har dermed oppretta ny vaksinasjonsdag 22. september. Vi fortsett med timebestilling via Helsenorge eller ved å ringe vaksinasjonstelefonen (tlf. 95 16 78 46, kvardagar mellom kl. 09.00–11.00).

Dei som står oppført for vaksinasjon den 15. september skal ha fått ei tekstmelding med informasjon. Om du ikkje har fått meldinga ta kontakt med vaksinasjontelefonen dersom du vil bytte dag.

Personar  som nyleg er vaksinert med oppfriskningsdose med den opprinnelege vaksina, har allereie gjennom denne dosen fått styrka sin immunitet mot alvorlig sjukdom og trenger derfor ikkje ytterligare ny dose med oppdatert vaksine no. 

Meir om vaksinasjon i Ørsta

Kontakt

Vaksinasjonstelefon / Helsestasjonen Måndag–fredag, 09.00–15.00
94167848

Følg oss