Vegarbeid i Anders Aarsæter-gata torsdag 11.11 og fredag 12.11

NB! Anders Aarsether-gata vert heilt stengd for gjennomkøyring fredag 12. november mellom klokka 13.00-15.00!

Grunna klargjering til asfaltering (torsdag) og asfaltering (fredag) vert det tidvis redusert framkomelegheit i Anders Aarsæter-gata torsdag og fredag denne veka. Gata vil stort sett vere open for gjennomkøyring, men vert heilt stengt ein kort periode fredag 12.11 medan asfaltering av begge køyrefelt pågår.

Ein ønskjer at alternative gjennomkøyringsvegar vert nytta om mogeleg medan arbeidet held på, og at ein viser varsemd ved passering av anleggsområdet dersom ein må køyre gjennom her.

  

Følg oss