Sikkerheitstips i ferien

Sikkerheit er viktig, so her kjem nokre tips frå Bjørnis, Brann og redning.

 

Redningsvest

 

 

Vassvettreglane, lenke.

  1. Ha respekt for vatn, vær og forhold. Strømforhold og kaldt vatn kan gjere svømmeturen farleg.
  2. Born skal aldri bade åleine. Pass godt på dine eigne born og følg med andre sine.
  3. Bli kjend med botn og djubdeforhold. Aldri hopp eller stup der du ikkje er kjent.
  4. Kjenn dine eigne grenser. Du kan ikkje redde andre utan først å ta vare på deg sjølv.
  5. Ved ulukke; varsle først, så redde. Gi beskjed slik at fleire kan hjelpe til.
  6. Bruk redningsline eller livbøye ved redning. Ha alltid ein gjennstand mellom deg og den som treng hjelp. Redning frå land gir auka tryggleik.
  7. Bruk flytevest og følg sjøvettreglane når du ferdast i båt. Flytevest reddar lig og reglar gjer sjøen tryggare for alle.
  8. Vend i tide. Det er ingen skam å snu. Svømmeturen skal gå langs med stranda. Søk ly viss det bles opp på båtturen.

Dette bør du tenke på når du kjøper redningsvest til born: LES ARTIKKEL

 

Grilling

 

Plasser eingangsgrillen på eit ubrennbart underlang. Eller bruk ein av dei fine offentlege grillane vore på Vekselet, i Tussaparken på Hovdevatnet og på Rjåneset.

Det er du som har ansvar for at all bruk av eld utandørs skjer på ein forsvarleg måte. Ta ansvar for å unngå skogbrann!
 

Gassgrill - Lagring og bruk av gass heime

  • Reingjer grillen jamleg. Fett samlar seg og kan skape kraftig brann.
  • Gassflasken skal stå vedsiden av grillen under bruk slik at den lett kan stengast ved behov.
  • Sørg for å montere regulatoren skikkeleg ved bytte av flaske. Feilmontering kan føre til lekkasje og brann eller eksplosjon.
  • La flaska stå under transport. Ligg flaska fungerar ikkje sikkerheitsventilen.
  • Lagre gassflaska helst i garasjen, men ihvertfall ikkje i kjellar eller på loftet.

Sikker kvardag - slik griller du trygt med gass

 

Camping

Før du tek til på campingferien bør du sjekke desse 3 punkta

  1. Kontroller at røykvarslaren og evt. CO varslaren fingerar
  2. Hugs brannslokkingsapparatet
  3. Sjekk EL anlegget – Gjerne av kvalifisert kontroll av fagperson
  4. På campingsplassar skal det vere minst 4 meter avstand til neste campingvong/-bil

For fleire tips til branntryggleik på ferie – Sjå sikkerhverdag.no

 

 

Arrangement

Har du planar om arrangement, utstilling, førestilling eller andre større samlingar i sommar? Då skal du melde frå til brannvesenet i forkant.

Elektronisk innmelding

 

 

Kva skal du gjer om du treff eit blålyskøyretøy i ferien?

Bildet viser ein brannbil i fart med teksta "Ut til høgre og senk farta!" - Klikk for stort bilete Ørsta brann og redning

Kva gjer du når blålysa kjem?

Dette gjer du:

  • Bruk blinklys! Dette gjer at naudetatane veit at du har sett dei
  • Senk farta, men ikkje bråbrems.
  • Trekk ut til kanten. Som ein hovudregel bør du legge deg ut til høgre, sjølv på tofeltsveg.
  • Ikkje stopp i sving, men køyr helder lengre fram slik at det går ann å køyre forbi.
  • Sjå kvar utrykkingskøyretøyet ligg i vegen
  • Sjå andre trafikantar. Det er raskt å miste oversikta når blålysa kjem.

 

Tilrettelegging for brann og slokkemannskap

Bildet viser ein bom som sperra for ein brannbil. - Klikk for stort bilete Ørsta brann og redning

Planlegg du bygging eller planlegg endringar på eller rundt eit større bygg? Etablere bomveg? Eller gjere andre endringar som kan ha betydning for vår innsats ved hendingar?

Sjå rettleiaren vår for tilrettelegging for rednings- og slokkemannskap 

Følg oss