Uvanleg høgt vassforbruk

Hageslange.jpg

Det er for tida uvanleg høgt vassforbruk ut frå dei kommunale vassverka i Ørsta kommune. Det høge vassforbruket kan leie til lågare vasstrykk og låg kapasitet i vassmagasin. Tekniske tenester oppmodar alle abonnentar om straks å avgrense hagevatning og anna unødig vassbruk

Oppdatert 7. juni: 

Sol, varme og lite regn gjer at mange ønskjer å vatne, samtidig som risikoen for brann aukar. Kommunen må vere førebudd på at det kan kome ei stor vasslekkasje, brann eller liknande krisesituasjon, og ber difor om hjelp til å redusere forbruket. 

Det som er viktig for Ørsta vassverk å få fram er at det ikkje er problem med for lite vatn i Vasskoppen. Kritisk punkt er vassverket og mengda reint vatn dette anlegget klarer å produsere gjennom eit døgn. Forbruket har vore og er framleis høgt. Vi ynskjer derfor at alle abonnentar unngår unødig bruk av vatn som t.d. vatning av plen. Det er viktig å presisere at det er ikkje noko forbod mot vatning av planter og bed, eller normal bruk av vatn til t.d. vask av bil eller båt, det håper vi at heller ikkje skal bli naudsynt. Vidare ønskjer Ørsta kommune tilbakemeldingar dersom nokon mistenker eller observerer vasslekkasje i sitt nærområde. Teikn på lekkasje kan vere susing i rør eller våte områder som burde vore tørre no.

Følg oss