Utdeling av pris frå Aarsethærlegatet

F.v: Representant for Aarsætherfamilien, Anders Emil Aarsæther Etterfulgt av Svanhild Slettedal, Einar Slettedal, Per Arne Aarsæther, Inga Kolås Aarsæther og ordførar Stein Aam







Under kommunestyremøtet i går, vart det utdelt prisar frå Aarsethærlegatet, som feirar 100 år i år. Æresprisen gjekk til Svanhild og Einar Slettedal, medan Inga og Per Arne Aarsethær fekk jordbruksprisen. Vi gratulerer prisvinnarane !

Legatet skal vere ”til beste for jordbruket og skogsakens fremme i Ørsta herred”, står det i stiftingsbrevet. Styret for legatet er ein representant frå Aarsæther-familien, 3 valde politikarar frå kommunestyret og ordførar, som er leiar for styret.


Æresprisen

Svanhild Slettedal og Einar Slettedal dreiv gnr 152 bnr 2 i Sledalen i Bondalen. Dei tok over drifta i 1979 etter foreldra til Einar, og fekk skøyte på garden i 1988. Drifta på garden var mjølk- og kjøtproduksjon på ku, og fram til 2007 vart det og drive med sau.

Svanhild og Einar overlet drifta til sonen Karl Frode i 2013. Siste åra var produksjonen basert på om lag 17 kyr og 34 andre storfe. Jordbruksareala på bruket var ved overskøytinga 123 daa fulldyrka jord og 40 daa innmarksbeite. I tillegg vart det leigd 89 daa fulldyrka jord frå to andre bruk.  

Areala framstår veldrivne og godt vedlikehaldne, og tyder på eit brukarpar med stor interesse for og kunnskap om jordbruk under spesielle vilkår som det må seiast å vere i Sledalen.

Einar var gardbrukar på heiltid, medan Svanhild siste åra hadde arbeid på Hjørundfjordheimen. Etter at dei tok over kjøpte dei jamleg mjølkekvote frå staten, når det var høve til det, for å auke produksjonsmoglegheitene. Då dei tok over drifta var kvota på 63.000 liter, og når dei overlet drifta til neste generasjon var den kome opp i vel 104.000 liter. Dei fekk 5 års plakett frå Tine for god mjølkekvalitet. Einar har heilt sidan han tok over arbeidd med å dyrke opp areal, og han har nesten årleg nydyrka, planert eller grøfta areal. Han har dyrka, grøfta og kanalisert både på eigen gard, på leigejord, og for andre gardbrukarar i dalen. Han er fagleg dyktig med gravemaskina og veit korleis ein skal få gode jordbruksareal og driftsvilkår. Driftsbygninga vart modernisert og i 1992 vart det sett opp nytt siloanlegg.

Sledalen er ein fonnutsett dal, som gjev ekstra utfordringar. I 1968 tok fonna gamletunet på garden, og det vart naudsynt å byggje opp nytt tun lengre nede i dalen. Fonnene fører til øydelegging av gjerder, og ein må stadig rydde bort masse frå markane, som fonn og flaumvatn har teke med seg. Dei mange fonngjøla gjer at ein er utsett for flaum og flaumskadar. Det er difor laga avskjeringsgrøfter som skal ta unna vatn og dempe skadane.

Skogen i Sledalen ligg stort sett mellom 3 og 400 m.o.h. Svanhild og Einar hadde 170 daa produktiv skog. Fonnene gjer at skogen er utsett, og noko skog er gjennom åra teke av fonna. I Sledalen dreiv dei før med hogst og sal av ved. No er kulturskogen etter kvart hogstmoden, og ein kan levere tømmer til slip og skur frå garden.

Svanhild og Einar er no kårfolk på bruket, der Karl Frode held fram i same ånd som foreldra, med ny driftsbygning til 53 mjølkekyr.

Svanhild og Einar fekk utdelt jordbrukspris frå Aarsætherlegatet i 2009, no får dei ærespris frå legatet

 

Jordbruksprisen

Inga Kolås Aarsæther og Per Arne Aarsæther dreiv gnr 26 bnr 2 på Årsætra i Follestaddalen. Dei tok over drifta etter foreldra til Per Arne, Karen og Sverre, og fekk skøyte på garden i 1985. Drifta på garden var storfe med mjølk- og kjøtproduksjon og gris. Grisehalde vart seinare avvikla.

Inga og Per Arne overlet drifta til sonen Kjell Stian Kolås Aarsæther i 2017. Driftsopplegget deira var stabilt med om lag 12 mjølkekyr og 25 andre storfe. Jordbruksareala på bruket var ved overskøytinga 91 daa dyrka jord og 42 daa innmarksbeite. I tillegg vart det leigd 79 daa dyrka jord og 35 daa beite frå tre andre bruk.  

Ei av leigejordene er på Øyehaug. Då pelsdyrfarmen her vart lagt ned tok Per Arne på seg å dyrke opp att heile arealet der reveskura sto, ein storjobb.

På Årsætra er det både flater og bratte bakkar. Per Arne har jamt halde på med å forbetre jorda ved å drenere og planere dei bratte bakkane, slik at bruket skulle verte meir lettdrive med gode drifts-vilkår.

Det er fire bruk på Årsætra, og i 2002 fekk bnr 2 kjøpe bnr 4 som tilleggsjord. På den måten vart eigd jordbruksareal dobla og ein fekk meir areal i tunet som var trongt. I dei seinare åra har ein teke til å planere ut bakkane på dette bruket, dette arbeidet er for det meste gjort av Kjell Stian.

Brukarparet har i tillegg til gardsdrifta henta inntekt frå anna arbeid. Då dei tok over i 1985 var mjølkekvota på 38.000 liter. Opp gjennom åra har dei kjøpt kvote både frå staten og privat slik at når dei no overlet garden til neste generasjon var kvota på 75.000 liter.

Årsætra er bevart som klyngetun då området er rasutsett. År om anna kjem ras ned på markane og gjev naturskade, med påfølgjande opprydding og istandsetjing av jorda. For å dempe skadane har ein m.a. laga kanalar.

Sjølv om det er hardt arbeid å drive gard på Årsætra, så er Inga og Per Arne glade for at neste generasjon v. Kjell Stian har teke over og vil drive garden vidare. Kjell Stian satsar på å halde fram med mjølk i tillegg til ammekyr.


Inga og Per Arne får tildelt jordbrukspris frå Aarsætherlegatet.



 

Følg oss