Stengingar og vaslar

Kokepåbod: Åmbakk til Bondalseidet. Les meir.

Tre fylker ynskjer ny veg over Strynefjellet i innspel til NTP

Ordførarar - samferdsel.jpg

Ordførarane i Sør-Fron, Stranda, Vanylven, Hornindal, Ulstein, Volda, Ørsta (varaordførar) møtte til samhandling og diskusjon i Ørsta, fredag 20. januar 2017. Tema for møte var status for Rv 15 Strynefjellet.

Gode Vegar AS koordinerte møtet og la fram status med revidert tilleggsutgreiing og arbeidet inn mot Nasjonal Transportplan (NTP) som skal vedtakast i juni 2017 for neste fire år.

I orientering frå ein lokal transportør kjem det fram at dei har om lag 200 turar per månad over flaskehalsen Strynefjellet med fare for å skade både bil og last. Dette er den kortaste vegen for mange bedrifter i vårt område.

Målet er å få nye tunellar med ei arm til Geiranger med på NTP. Tre fylke står bak kravet! Det same gjer alle dei som møtte fram i dag på møtet.

Innspel til NTP.jpg

Følg oss